nyhende

Dette var synet som møtte Anne Meyer då ho kom ut av Sveio senter tysdag ettermiddag.FOTO: PRIVAT
Dette var synet som møtte Anne Meyer då ho kom ut av Sveio senter tysdag ettermiddag.

— Trist at slikt kan skje i Sveio

Anne Meyer var inne på Sveio senter i 10-12 minuttar. Då ho kom ut igjen var eit vindauge på bilen hennar knust. — Eg trur dette er reint hærverk, seier ho. Hendinga skjedde midt på lyse dagen tysdag.

Publisert Sist oppdatert

Meyer reknar med at det er snakk om simpelt hærverk. Ho la tysdag ettermiddag ut bilde av bilen med det øydelagde vindauget på sine Facebook-vegg i håp om at det kan vere med på å klare opp saka.

Også Haugesunds Avis har skrive om saka, men onsdag føremiddag var mysteriet framleis ikkje løyst.

Gjekk fort

— Det må ha skjedd raskt, for eg var berre ein snartur inne på senteret. Maksimalt 12 minuttar, seier 62-åringen.

Slik sto bilen parkert, like ved inngangen på baksida av Sveio senter.FOTO PRIVAT

Hendinga skal ha skjedd ein gong mellom 14.30 og 14.45 tysdag.

Bilen sto parkert på p-plassen på baksida av senteret, rett framfor hovudinngangen.

— Då rekna eg med at bilen sto ganske trygt, sidan det var parkring for ander bilar på den eine sida av bilen min. Men dengang ei, seier ho oppgitt.

— Kan det vere ein lastebil som kan ha kome borti vindauget?

— Eg har tenkt litt på det. Men eg ser det som lite sannsynleg. Det var trongt mellom bilen min og inngangen til senteret. Og om den hadde stoppa for å losse måtte den ha vore der i veldig kort tid, for eg så ikkje nokon lastebil verken få eg gjekk inn eller då eg kom ut, seier ho.

Ingen video

Ho fortel at ho tok det for gitt at parkeringsplassen hadde video-overvaking, sidan det er satt opp el-bil-ladestasjon på staden, og det faktum at Nav har sine kontor same stad.

— Men det viste seg dessverre at området ikkje var tv-overvaka, fortel ho.

Ho fortel at ei venninne fekk skrapa opp sin bil ved senteret nyleg, og at ho har bite seg merke i at det har vore nokre hendingar med hærverk i Sveio sentrum den siste tida.

— Eg hadde ikkje noko av verdi liggande i bilen, så dette trur eg er reint hærverk, seier ho.

Mange gjekk forbi

Ho har meldt saka til forsikringselskapet sitt, og førebels ser det ut til at ho i alle fall må ut med ein eigenandel på 2.500 kroner for å få reparert vindauget.

Det var mykje glasbrot å rydde opp etter hendinga.

Meyer har også ei anna oppmoding til folk.

— Det passerte i alle fall 12 personar mens eg stod der ved bilen, meir eller mindre i sjokk og prøvde å rydde opp i glasskåra. Dei fleste berre kikka og gikk rett forbi meg. Berre to kom bort og lurte på kva som hadde skjedd, seier Meyer som etterlys litt meir omtanke blant folk.

Powered by Labrador CMS