nyhende

kommunestyret2019-2023
Ruth G. Østebøvik Eriksen, Sveio FrP.

Trist at nokon fell mellom to stolar

Personar med funksjonsnedsetting kan søka kommunen om tilskot til tilpassing av bustad. Varaordførar og leiar for hovudutval helse og omsorg, Ruth G. Østebøvik Eriksen (FrP) bekreftar at det ikkje er sett av midlar til ordninga i budsjettet for dette året.

Publisert Sist oppdatert

Eriksen har blitt gjort merksam på problemstillinga som familien på Krossleite står ovanfor, men har ikkje svar på kor midlane har tatt vegen.

– Eg har bede om ei orientering frå økonomisjefen i Sveio kommune, for å finna ut kor mykje me får i ramma, og kor dei blir av, forklarar Eriksen, som legg til at det sjølvsagt kan vera aktuelt å diskutera dette inn mot revidert budsjett i kommunestyremøtet 14. juni.

Ho fortel at ho blir lei seg når ein familie som treng tilrettelegging eller anna hjelp, må gå vegen om politikarane.

– Me prøver heile tida å laga så gode rammer i tenestene til innbyggjarane, at det ikkje skal vera nødvendig, men så er det nokon som faller mellom to stolar, og det er veldig trist, medgir Eriksen.

Powered by Labrador CMS