nyhende
65 % av dei spurde i Sveio er positive til utbygging og forsterking av straumnettet:
– Treng meir kraft for verdiskaping
65 prosent av sveibuane seier dei er positive til utbygging og forsterking av straumnettet i sin kommune. Det er noko lågare enn gjennomsnittet for Sunnhordland, men godt over landsgjennomsnittet.
I Sunnhordland sett under eitt er 71 prosent positive til utbygging og forsterking av straumnettet. Landsgjennomsnittet er på 57 prosent.
Naudsynt for verdiskaping
Det viser ei kartlegging analysebyrået Kantar gjennomførte i sommar på oppdrag frå Atheno sitt kommunale og fylkeskommunale samarbeid, Invest i Sunnhordland. Spørjeundersøkinga blei gjennomført på sms og spørjeskjema i juni. 1.700 personar svarte, av desse 184 frå Sveio. Dei andre sunnhordlandskommunane var representerte slik: Bømlo 270, Fitjar 178, Stord 287, Kvinnherad 260, Etne 152, Tysnes 124 og Austevoll 241.
– Generelt ser me at innbyggjarane meiner at tilgang på kraft og nett er naudsynt for arbeidsplassar og verdiskaping i regionen vår. I stor grad meiner dei som er spurt at me treng nettoppgraderingar og auke i produskjson av kraft. Likevel er det sprik i korleis dei meiner me skal få det til, seier dagleg leiar i Atheno, Astrid Kjellevold, i ei pressemelding om undersøkinga.
Mange fryktar også at låg kapasitet i straumnettet medverkar til høgare straumprisar.
Føretrekkjer vasskraft
Ved utbygging av ny kraftproduksjon er dei fleste positive til vasskraft. 75 prosent er positive til utbygging i eigen kommune. På landsbasis er dette talet 71 prosent.
Dei spurde fekk spørsmål om ny utbygging av kraftproduksjon bør basera seg på vasskraft, sol, vind på land, havvind eller kjernekraft. Det viser seg at vindkraft på land er det minst populære alternativet i Sunnhordland. Berre 20 prosent er positive til dette, medan landsgjennomsnittet her er 36 prosent.
Mest positivt i kraftkommunar
Svara viser elles at innbyggjarane i kommunar der vass- eller vindkraft allereie er bygd ut, er meir positive enn innbyggjarar i kommunar utan kraftutbygging. Det er særleg tydeleg hos innbyggjarane i Fitjar, der over halvparten er positive til Midtfjellet vindkraftverk. Dei er litt mindre positive til utbygging av ny vindkraft, men likevel meir positive enn innbyggjarane i dei andre sunnhordlandskommunane.
– Innbyggjarane som lever tettast på kraftutbygginga erfarer best kva utbygginga har å seia for lokalsamfunnet i det daglege, både på godt og vondt. Det er interessant å sjå at dei er meir positive til «sine» kraftanlegg enn innbyggjarane i kommunar utan kraftutbygging, seier Magne Andresen, myndighetskontakt i Sunnhordland Kraftlag (SKL), ifølge pressemeldinga.
SKL har samarbeidd med Invest in Sunnhordland om undersøkinga.
Oppfølgingsseminar
Atheno og Invest in Sunnhordland skal no følgja opp utfordringane med kraft og nett med eit fagseminar for kommunane 20. november. Både Statnett, Fagne og SKL blir med på dette seminaret.