nyhende
Treng frivillige til tusenårsjubileet
Ønskjer du å koma tett på kjende artistar, eller kanskje å bruka kreftene på å bera tunge høgtalarar eller rigga scener? Då kan du melda deg som frivillig til Moster 2024 og markeringa av tusenårsjubileet for kristenretten.
Fredag 12. januar opnar dei for påmelding for alle som kan tenkja seg å gjera ein innsats før, under eller etter jubileumsveka 29. mai – 2. juni. Påmeldingsskjemaet vil vera tilgjengeleg på Moster 2024 si nettside ei god stund framover.
Vilde Lundal og Jenny Larsen oppfordrar likevel sveibuar og andre interesserte å melda seg så raskt som mogleg. Gjennom rask påmelding kan interesserte sikra seg dei mest interessante oppgåvene, freistar dei med. For arrangøren vil rask påmelding sikra dei tidleg oversikt over kva mannskap dei har til disposisjon.
Målet er 150
– Det hårete målet vårt er 150 frivillige. Me treng alle, frå bunadskledde born som kan overrekka blomar til kongen til veltrente vaksne som kan vera med på rigging. Me treng parkeringsvakter, folk til servering, sjåførar til artistane, medhjelparar framfor og bak scenene og mykje anna, fortel dei to entusiastiske damene.
Vilde Lundal er prosjektkoordinator, produsent og presseansvarleg for tusenårsjubileet, medan Jenny Larsen har ansvaret for den praktiske gjennomføringa.
Frå heile regionen
Moster 2024 omfattar ei rad med konsertar, utstillingar, talk show, aktivitetar og mykje anna. Lundal og Larsen håpar frivillige frå heile Sunnhordland og Haugalandet, men også meir langvegsfarande vil melda seg.
– Me håpar mange vil oppleva det meiningsfylt å vera ein del av ei historisk hending som dette blir. Dei frivillige vil også få med seg store delar av konsertar og andre arrangement der det nå er få eller ingen billettar igjen for publikum elles, fortel dei.
Etter at alt er over blir det dessutan ei eiga feiring for og med dei frivillige.
Allereie utseld
Festkonserten med Ingebjørg Bratland og KORK fredag 31. mai er allereie utseld. Det same er den økumeniske gudstenesta søndag 2. mai. Det minkar også på billettane til framsyninga «I slik en natt».
Med omsyn til barna og blomster til kongen: Det er enno ikkje stadfesta om kong Harald eller andre representantar for kongehuset kjem til jubileet på Moster. Lundal håper likevel i det lengste å sjå både kongeskipet «Norge» og majesteten sjølv når dagen kjem.
Heilt sikkert er det at «Christian Radich» kjem, og med den fleire gjester som tar turen med det staselege seglskipet frå hovudstaden til Moster.