nyhende

rogaland hordaland fylkesmerke søra våge
Fylkesmerke på Søra Våge, der grensa til Rogaland er.

Treng ein halv million for å sjå kva fylke me skal høyra til i

Skal Sveio forbli i Vestland, eller bør me søka oss over til Rogaland? Rådmannen ber om ei ramme på 500 000 kroner for å kunne gi godt nok svar på spørsmålet.

Publisert Sist oppdatert

Pengane skal gå til kartleggjing av fordelar og ulemper ved å byta fylke. Bakgrunnen er at politikarane i juni 2020 vedtok å sjå kva som er det mest tenlege fylket å tilhøyra i framtida.

Både Rogaland og Vestland fylkeskommune har sagt nei til å løyva pengar til utgreiingsarbeidet, men begge fylkeskommunane har stadfesta at dei vil stilla med faglege innspel i prosessen. Etne kommune har sagt nei til å vera med på ei felles utgreiing i lag med Sveio kommune.

Prosjektet har fått 215.000 kroner frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Powered by Labrador CMS