nyhende
Fylkesvegane i Vestland:
Treng 4 milliardar til kritiske tiltak
Vestland fylkeskommune har eit etterslep på vedlikehald av fylkesvegane som er kostnadsrekna til 19 milliardar kroner. No viser ein ny rapport at det trengst fire milliardar kroner berre til kritiske strakstiltak.
Berekraftmålingar og levetidsanalyse for dekket på 850 kilometer fylkesvegar i Vestland, viser at 170 kilometer eller 20 prosent av dei undersøkte strekningane har kritisk behov for forsterkingstiltak.
1.100 kilometer
Målingane og analysene er gjennomførte på eit utval strekningar over heile fylket. Dersom undersøkinga er representativ for heile fylket, slik både administrasjonen og fylkesordførar Jon Askeland (Sp) trur, vil det vera kritisk behov for forsterkingstiltak på 1.100 kilometer av Vestland sitt totale fylkesvegnett.
Dette vil grovt rekna kosta fire milliardar kroner etter pengeverdien i 2023. Dette går fram av rapporten Kunnskapsgrunnlag for forsterkingsbehov på fylkesvegnettet, som blei lagt fram for fylkesutvalet i Vestland torsdag 2. mai.
Fylkesutvalet ser på rapporten som eit godt rammeverktøy og ber om at det blir gjort berekraftmålingar og levetidsanalyse for dekket på heile fylkesvegnettet på 5.600 kilometer i løpet av 2024 og 2025. Datagrunnlaget frå desse undersøkingane skal leggjast til grunn for å avklara kva strekningar som har aller størst behov for forsterkingstiltak.
Fylkesutvalet ber også om at eit langsiktig forsterkingsprogram for fylkesvegnettet blir lagt fram til politisk behandling i løpet av 2025.
Treng meir pengar
Fylkesutvalet har merka seg at det er utfordringar med å prioritera tilstrekkeleg med pengar til gjennomføring av forsterkingstiltak. I år er det sett av 100 millionar kroner til slike tiltak. Dersom denne budsjettposten blir dobla, vil det likevel gå 20 år før strekningane med størst forsterkingsbehov blir utbetra.
Mot denne bakgrunnen blir fylkesdirektøren beden om å setja i gang eit arbeid for å samordna forsterking med andre oppgraderingstilgak og prosjekt finansierte over investeringsbudsjettet.
– Viktig dokumentasjon
– Den rapporten som no ligg føre inneheld svært viktig dokumentasjon. Det er viktig i kampen om midlane, seier fylkesordførar Jon Askeland til Vestavind.
Han har merka seg at rapporten tar til ordet for løysingar som er «godt nok» i staden for å velja den perfekte og dyraste løysinga. Han støttar denne tankegangen, og trur også folk i Sveio og andre stader vil verdsetja enklare strakstiltak framfor å venta i årevis på tofeltsvegen som kanskje aldri kjem.
– Med enkle løysingar kan me får gjort meir på kort tid, og det betyr svært mykje for alle frå skuleelevar til næringsdrivande, seier fylkesordføraren.
– 20 år for å gjennomføra strakstiltak verkar likevel å vera svært lang tid?
– Dersom det ikkje oppstår akutte skader som må utbetrast med ein gong, har eg lært at me er nøydde til å smørja oss med tålmod. I ein situasjon med behov for auka satsing på Forsvaret og auka i NAV sine utgifter, kan me ikkje lenger rekna med nye, store overføringr frå staten heller, seier Askeland.
Fylkesvegane med i NTP
Han minner likevel om at fylkesvegane for første gong er med i den nye NTP som blei presentert like før påske. Dette medførar at Vestland årleg får 250 millionar kroner ekstra til fylkesvegane dei neste seks åra.
Eit viktig poeng i rapporten som fylkesutvalet har behandla, er at forsterking av vegane vil auka levetida på dekket og dermed spara pengar til reasfaltering. Ofte er dårleg drenering årsak til at vegfundamentet er dårleg. Skadane kjem då fort i form av farleg djupe hjulspor, sprekker og slaghol, og ved at vegkantar og beremurar rasar ut.
– Det er ikkje særleg lønsamt å leggja på eit nytt lag med asfalt når grunnen sviktar og dekket sprekk opp igjen etter nokre få år, seier Askeland.
Vestavind har skrive mykje om dårlege vegar i Sveio. Her er eit lite utval av artiklane: