nyhende

– Det er utruleg viktig at vi torer å snakka om «dei haldningane vi ikkje visste at vi hadde», seier Hans Christoffer Aargaard Terjesen, forskar ved Arbeidsforskinginstituttet, OsloMet. Foto: Gunn Marit Kvåle / NPK
– Det er utruleg viktig at vi torer å snakka om «dei haldningane vi ikkje visste at vi hadde», seier Hans Christoffer Aargaard Terjesen, forskar ved Arbeidsforskinginstituttet, OsloMet.

Trendskifte i synet på seniorane i arbeidslivet

Stadig fleire verksemder satsar på å halda på eldre arbeidstakarar. Nær halvparten av norske leiarar har no ein strategi for å vidareutvikla seniorar.

Publisert Sist oppdatert

Det viser undersøkinga Norsk seniorpolitisk barometer 2025 , som vart lagt fram under Forskingskonferansen.

47 prosent av leiarane svarar bekreftande på at dei har ein personalpolitisk strategi for å halda på og vidareutvikla seniorar. Det er ein auke mot 40 prosent frå 2023.

– Eg trur vi ser starten på eit trendskifte, seier direktør Kari Østerud i Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv om undersøkinga frå Ipsos.

Aldersgrensa aukar til 72 år

Auken kan sjåast i samanheng med tiltak om moglegheit for gradvis nedtrapping, fleksibel arbeidstid og nye eller endra arbeidsoppgåver, i tillegg til medarbeidarsamtalar som tek føre seg seinkarrieren og seniordagar etter fylte 62 år.

I 2026 aukar aldersgrensa i arbeidslivet til 72 år. Fleire har vore skeptiske til endringa, men no ser det ut til at mange har snudd:

Eit fleirtal på 59 proisent ønskjer nemleg at dei tilsette skal jobba til fylte 72 år.

Likevel er nærare halvparten samde om at det bør vera ei øvre aldersgrense i arbeidslivet, og 29 prosent ønskjer ikkje at dei tilsette skal halda fram etter aldersgrensa.

Usynlege haldningar om alder

At endå fleire verksemder no har konkrete planar for å halda på sine seniorar lenger gjev eit håp om eit meir aldersinkluderande arbeidsliv. Samstundes lever haldningane om at eldre har dårlegare evne til å læra framleis i beste velgåande.

Kan noko av problemet skuldast ein stereotypi om seniorar og eldre arbeidstakarar?

I rapporten kjem det nemleg fram at halvparten (50 prosent) er samde i at 60-åringar har dårlegare evne enn yngre til å læra og fornya seg i jobben.

– Det er utruleg viktig at vi torer å snakka om «dei haldningane vi ikkje visste at vi hadde», seier Hans Christoffer Aargaard Terjesen, forskar ved Arbeidsforskinginstituttet, OsloMet.

Terjesen peikar på ei slags uro i vår kultur om eigen alderdom.

Forskjell på offentleg og privat sektor

– I eit tid der ungdom blir dyrka, kan denne idealiseringa av det ungdommelege betraktast som ein forsvarsmekanisme. For kva skjer når leiaren ikkje vil tilsetja kompetente eldre, eller synest det beste er sluttpakke og pensjon etter fylte 62, spør forskaren (som også nyleg har skrive boka «Forsvarsmekanismer» om nettopp dette) undrande.

Han trur mange skyr unna å snakka om alder på jobben, fordi dei er redde for å bevega seg inn på eit tema som kan oppfattast som diskriminering.

– I samfunnet i dag så er ein redd for å seia og gjera noko feil. Leiarane er redde for å ta tak i ei problemstilling som dei faktisk bør styra rett inn i, seier han.

Framleis er det forskjellar mellom offentleg og privat sektor når det gjeld meiningar om seniorar på arbeidsplassen.

Leiarar i det private er i større grad samde i at eldre arbeidstakarar ikkje er produktive nok, og at dei føretrekker å tilsetja ein under 30 år framfor ein over 60 år.

Vil ha meir fokus på aldersbevisst leiing

Ifølgje Terjesen står vi overfor ein problematikk som det hastar å gjera noko med – om vi ønskjer å halda den same velferdsstaten intakt.

– Det blir ikkje fødd nok barn. Vi blir stadig færre som skal bera den same velferdsstaten, og det kjem ikkje til å gå dersom vi ikkje får fleire til å stå lenger i arbeid, seier han.

Terjesen har forska lenge på leiing og seniorar i arbeidslivet, og peikar på viktigheita av aldersbevisst leiing.

– Det er eit understudert fagfelt. Premissen for leiingslitteraturen tek ikkje utgangspunkt i at ein blir eldre, han tek utgangspunkt i at vi heile tida skal prestera her og no. Kva med å setja fokus i leiingsforskinga på ikkje berre leiaren sjølv, men på dei som faktisk skal leiast, seier han.

Forskaren understrekar også at ein er nøydd til å ha kontekstforståing når ein snakkar om eldre arbeidstakarar.

– Det er naturlegvis oftast samansette grunnar til at folk vel å pensjonera seg. Men ein skal ikkje kimsa av kor viktig eit godt arbeidsmiljø er, og ikkje minst verdsetjing frå leiinga. Det å vera ein del av eit fellesskap og ha eit felles framtidsbilete som ein deler med dei andre kollegaane, kan vera heilt avgjerande for om ein tilsett ønskjer å halda fram eller ikkje, seier Terjesen.

Powered by Labrador CMS