nyhende

Fylkesordføraren og fylkesdirektøren svara på spørsmål:

Jon Askeland (Sp, t.v.) er fylkesordførar i Vestland, medan Rune Haugsdal er fylkesdirektør.FOTO: VESTLAND FYLKESKOMMUNE
Jon Askeland (Sp, t.v.) er fylkesordførar i Vestland, medan Rune Haugsdal er fylkesdirektør.

Trekte parallellar til regionen Nordfjord og Sunnmøre

Fylkesordførarane i Rogaland og Vestland ber om å ikkje få levera høyringssvar på rapporten frå Telemarksforsking, då den er krevjande å svara ut. Dei vil heller bidra i prosessen med å svara på spørsmål.

Publisert Sist oppdatert

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) og fylkesdirektør i Vestland, Rune Haugsnes stilte opp for å svara om spørsmål knytt til fylkestilhøyrsle då formannskapet hadde møte måndag. Dei to tok del i møtet via den digitale møteplattforma Teams. Vestavind har sett møtet i opptak.

Ordførar Linn Therese Erve (Ap) hadde fleire spørsmål klare til duoen, det var også innslag frå andre politikarar.

Rogaland+Vestland

Med bakgrunn i at Sveio sitt primærønskje er at Rogaland blir ein del av Vestland, stilte ordførar Erve spørsmål om det var noko dialog mellom fylkeskommunane om samanslåing per i dag. Det kunne fylkesordførar Jon Askeland avkrefta med ein gong.

– Det er absolutt ingen dialog, samanslåing er ikkje eit tema, sa Askeland.

Han trekte fram at dei to fylkeskommunane no har langt fleire møteplassar no enn før.

– Måten me møtest med Rogaland på no, er veldig konstruktiv, fortalde Askeland og vitna om god stemning.

– Fokuser på regionen

Erve utfordra også dei to fylkestilsette på deira tankar om samarbeid for å løfta Haugaland og Sunnhordland, to nære regionar i kvar sitt fylke.

Fylkesordføraren varsla at han kom med eit litt kryptisk svar, og trekte parallellar til Nordfjord i Vestland og Sunnmøre i nabofylket Møre og Romsdal. Dette er to regionar på kvar si side av ei fylkesgrense, tilsvarande Haugalandet og Sunnhordland. I følgje Askeland blir ikkje fylkesgrensa sett på som eit problem på denne kanten, utfordringa er å utvikla regionen saman.

– Viss ein ikkje fokuserer på grensene, men fokuserer på regionen der folk køyrer over kommune- og fylkesgrensene dagleg, ser ein korleis me kan forsterka. Det er ein sterk vilje for Vestland å bidra til dette her òg, sa Askeland.

Elevplassar

Sveioordføraren presiserte kor viktig det er for Sveio med elevplassar på vidaregåande skule i Rogaland.

– Er det mogleg å forskottsfesta avtalen på ein måte, spurte Erve, som skulle ønska at ordninga var sikrare.

– Er det grunnlag for forskottsfeste vil me gjerne sjå på det, men det ligg ingen planar i vårt grunnlag som tilseier at me kjem til å endra utgangspunkt eller praksis, svara fylkesdirektør Rune Haugsdal.

Like viktig

Rune Teikari frå Sveio FrP ba om tilbakemelding på korleis storfylket Vestland ville sikra at Sunnhordland blei ivareteken framover, og beheld posisjonen dei hadde i Hordaland.

– Oppfatninga frå Vestland fylkeskommune er at Sunnhordland er ein meget aktiv region. Vår oppleving er ikkje på nokon måte at Sunnhordland har slitt lengre frå oss, sa fylkesdirektøren.

Fylkesordføraren forsikra tilhøyrarane om at Sunnhordland er minst like viktige som dei alltid har vore.

Krevjande høyring

I samband med at både Rogaland og Vestland fylkeskommune har fått Telemarksforsking sin rapport til høyringsuttale, hadde Jon Askeland også eit spørsmål til Sveio-politikarane frå begge leirar.

I fellesskap har dei to eit synspunkt på rapporten at den på langt nær ikkje svarar ut alle utfordringane Sveio har.

– Den er krevjande å svara ut. Er det greitt at me ikkje gjer ein formell høyringsrunde, men heller bidreg i prosessen? Dette spørsmålet er også med helsing frå Marianne Chesak, sa Askeland på vegner av dei to fylkesordførarane.

Det vart ikkje gitt noko tilbakemelding på dette spørsmålet i møtet.

Powered by Labrador CMS