nyhende
Tre trafikkulukker på fem dagar
Politibil kolliderte med vogntog
Like før klokka 22.00 tysdag i sist veke, kolliderte eit vogntog med ein politibil under utrykning på Tittelsnesvegen, sør for Førde. Vogntoget hadde ikkje fleire passasjerar enn sjåføren, mens politibilen var bemanna med to tilsette. Lastebilsjåføren framstod som fysisk uskadd, medan dei to polititilsette fekk lettare fysiske skadar, opplyser politiet i ei pressemelding. Saka er rutinemessig meld til Spesialenheten, som vil etterforska saka.
Sjåføren av vogntoget er mistenkt for aktlaus køyring, og det vil bli sentralt å kartlegga hendelsesforløpet.
– Me veit at vogntoget har kome over i motsett køyrefelt, men det er for tidleg å seia noko om årsaka, seier politiadvokat Marie Nyland i pressemeldinga.
Køyrde av vegen
Klokka 20.13 fredag i sist veke kom det inn melding om ei trafikkulukke ved Kvednaneset på Fv47. Naudetatane rykka ut, og kom fram til ein bil i grøfta, liggjande på sida. Politiet i Sør-Vest opplyser at ein person var fastklemt, men at vedkommande var bevisst. I følgje Haugesunds Avis blei to personar i 20-åra frakta til sjukehus etter hendinga.
Påkøyrsel bakfrå
I 14.30-tida laurdag i sist veke rykka naudetatane ut til ei trafikkuhell like ved krysset til Ålfjordvegen i Førde. Vegtrafikksentralen Vest meldte om redusert framkommelegheit på staden. I følgje Radio Haugaland, dreidde det seg om påkøyrsel bakfrå. Ein person blei frakta til sjukehus i Haugesund etter samanstøyten mellom dei to bilane.