nyhende

Stova i eine enden av dette okergule våningshuset på Tittelsnes, det såkalla Vågahuset, skal vera frå mellomalderen. Ein gong etter 1760 kom ho som velbrukt røykstove med ljore i taket frå ein gard nærare Haugesund. Her på det nye tunet blei ho påbygd to-tre omgangar. Eva og Terje Viland kjøpte huset til feriebustad i 2002. Eigarane har samarbeida tett med bygningsvernkonsulten i Sunnhordland om renovering av huset.
Stova i eine enden av dette okergule våningshuset på Tittelsnes, det såkalla Vågahuset, skal vera frå mellomalderen. Ein gong etter 1760 kom ho som velbrukt røykstove med ljore i taket frå ein gard nærare Haugesund. Her på det nye tunet blei ho påbygd to-tre omgangar. Eva og Terje Viland kjøpte huset til feriebustad i 2002. Eigarane har samarbeida tett med bygningsvernkonsulten i Sunnhordland om renovering av huset.

Tre lokale våningshus med i praktbok – framsida er frå Tittelsnes

«Vestlandshus – våningshus frå Jæren til Sunnmøre», fortel historia om det avlange, kvitmåla våningshuset som, saman med den vanlegvis raude løa, i løpet av 1800-talet hadde blitt eit landemerke og kjenneteikn på vestlandske gardstun. På framsida prydar Vågahuset på Tittelsnes.

Publisert Sist oppdatert

– Dei gamle stovene er skattkister fulle av kunnskap om korleis folk før oss bygde og levde. Mange av desse husa syng på siste verset. Samstundes aukar interessa for å gjera eldre hus brukande i ei ny tid, fastslår forfattaren av boka, Eva Røyrane, busett på Ølve i Kvinnherad.

Sveio er representert

Saman med fotograf Oddleiv Apneseth har ho reist frå Jæren til Sunnmøre for å finna ut korleis det står til med denne delen av kulturarven. Resultatet er ei praktbok som løftar fram dei vestlandske våningshusa, gardshusa som frå 1800-talet har prega kulturlandskapet på Vestlandet. Sveio kommune er representert med tre hus, to på Tittelsnes, eitt i Førde.

Boka er ny i haust, gitt ut på Skald forlag.

Med tida er dei fleste av dei karakteristiske det avlange, kvitmåla våningshuset blitt erstatta av nyare bustadhus som hovudhus på garden.

Ulik framtoning

Husa som står att finst i dag i svært ulik framtoning. Nokre har blitt ståande lenge utan vedlikehald og syng på siste verset. Andre har fått nødvendig vedlikehald og er lite endra. Atter andre er ombygde både ut- og innvendig.

I boka viser Røyrane og Apneseth også variantar av dei attståande vestlandske våningshusa der gammal byggeskikk møter ny arkitektur, og me får døme på korleis det tradisjonelle våningshuset kan tilpassast dagens behov og framleis brukast som heilårsbustad.

I dette huset i Førde, bygd i 1850, har det vore bank, postkontor og telefonstasjon. Rominndelinga er original. Restaurert for seks-sju år sidan. Utvending er huset berga for lang tid framover, både tak og panel er skifta. Også alle vindauga er restaurert. Det mest moderne i huset er ei varmepumpe. Elles står alt omtrent som det var for fleire tiår tilbake. Eigar i dag, Thomas Førde.
Feriebustad på garden Øyjorden på Tittelsnes. Lita stove med skut i kvar ende. Eigar er Alf Kristian Hansen.
Fotograf Oddleiv Apneseth formidlar hus og levde liv med kamera sitt.
Journalist Eva Røyrane har saman med Oddleiv Apneseth funne seg ei kulturhistorisk nisje som har blitt godt motteke. Bokutgivarane har tidlegare hatt stor suksess med bøkene «Norges låver», «Av stein» og «Klyngetunet».
Powered by Labrador CMS