nyhende

Rogfast-tunnelen skal gå her frå Arsvågen på Bokn til Randaberg. Illustrasjon: Statens vegvesen/Cowi as

Tre entreprenørar får moglegheit til å gi anbod om Rogfast-kontrakt

Publisert Sist oppdatert
NPK: Av dei seks entreprenørane som søkte om å bli prekvalifisert for den neste Rogfast-kontrakten på Bokn, har tre fått moglegheit til å gi anbod.

Dei som blir med vidare er Skanska Norge AS, NCC Norge AS og JV OHA Tunnel, som består av konstellasjonen Obrascón Huarte Lain S.A, Hyundai Engineering & Construction Co, Ltd og Aldesa, SA, skriv Stavanger Aftenblad.

Dei kjempar om kontrakten E04. Den startar på Bokn i Nord-Rogaland og skal gå halvvegs mot Kvitsøy.

– Vi vil denne månaden få inn dei første tilboda på E03, og vi er spente på korleis krigen i Ukraina og den generelle prissituasjonen i verda vil slå ut, seier Oddvar Kaarmo, prosjektsjef i Statens vegvesen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS