nyhende
Tre bilar kolliderte på Rødsneset
Politiet meldte om ulykka klokka 18.42 på X. Det er svært glatt på staden.
Ulykka skjedde truleg då ein bil bremsa opp, og dei to som kom bak ikkje klarte å stoppa. 110-sentralen meldte at bilane kolliderte på E39 ved avkøyringa til Nonslidvegen.
Alle nødetatane rykte ut, og ein person blei sjekka av ambulansepersonell. Trafikken gjekk forbi i eitt køyrefelt.
Siste oppdatering frå Sør-Vest politidistrikt på X er at det er svært glatt på staden. To av bilane må tauast vekk.
Sjåførane vart rutinemessig sjekka for promille, og alle tre blåste 0 i alkometeret.