nyhende
Bømlafjordtunnelen, arkivfoto.
FOTO: Irene Flatnes Haldin
Tre bilar har havarert i Bømlafjordtunnelen
Klokka 13.48 melder Vegtrafikksentralen vest på Twitter at det er til saman tre bilar med havari i Bømlafjordtunnelen. Det blir opplyst at bilbergar er på veg til alle tre.
Førebels har det ikkje kome melding om at tunnelen er stengt, men Vegtrafikksentralen ber andre bilistar om å vera obs på situasjonen.
Vestavind er ei uavhengig lokalavis for Sveio kommune i Vestland fylke. Avisa blei stifta i 1986, er på nynorsk og har papirutgåve ein gong i veka. Vestavind arbeider etter Redaktørplakaten og Ver Varsam-plakaten sine retningslinjer for god presseskikk.
Det er ikkje tillatt å kopiera frå denne sida eller legga ut skjermdump av artiklane til Vestavind. Me gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.