I ei spørjeundersøking gjort på oppdrag for Tryg svarer tre av ti at dei har endra den planlagde utanlandsferien sin neste år på grunn av koronasituasjonen.FOTO: NPK
Tre av ti har endra planlagd utanlandsferie neste år
NTB-NPK: I ei spørjeundersøking svarer tre av ti at dei har endra den planlagde utanlandsferien sin neste år på grunn av koronasituasjonen.
– Slik smittesituasjonen har utvikla seg med omikronvarianten og innføring av nye tiltak, er det ikkje overraskande at mange no kjenner utryggleik rundt å planleggje utenlandstur- eller ferie neste år, seier kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.
I undersøkinga, utført av YouGov for Tryg i desember, svarer 30 prosent ja på at dei har endra ferieplanar i utlandet for neste år på grunn av den forverra koronasituasjonen.
– Det kan vere lurt å sjå an utviklinga. Svært mange land har no betydelege restriksjonar, og forholda rundt innreisereglar, karantene og andre restriksjonar blir endra på kort varsel, seier Brandeggen.