nyhende

Stadig fleire betaler no med mobilen. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Stadig fleire betaler no med mobilen.

Tre av ti betalingar i butikk skjer no med mobil

– Mobilbetalingar i butikk tek av, skriv Noregs Bank i ein ny rapport. 30 prosent av alle betalingar i norske butikkar skjer no med mobiltelefon.

Publisert Sist oppdatert

– Allereie for over ti år sidan vart det mogleg å betale med mobiltelefonen i butikkar i Noreg. Men det er først frå 2025 at mobilbetalingar i butikk ser ut til å ta av for alvor, skriv Noregs Bank i den nye rapporten sin om Finansiell infrastruktur.

Tal frå Noregs Banks årlege spørjeundersøking viser at 30 prosent av betalingane skjer med mobiltelefon våren 2025. Opp frå 20 prosent i fjor.

– Høg bruk av nye mobilbetalingstenester indikerer at brukarane opplever dei som effektive og sikre, skriv sentralbanken.

Fleire nye tenester

Noregs Bank viser til at ei rekke nye betalingsløysingar for mobil vart lanserte i løpet av fjoråret, blant dei Trumf Pay og Vipps-løysinga for kontaktlaus betaling med NFC (Near Field Communication). I tillegg opna DNB og Eika-gruppen for Apple Pay for kundane sine.

Det er venta at dette vil bidra til ytterlegare auka bruk.

– Truleg vil mobilbetalingar etter kvart ta ein dominerande posisjon ved betalingar på utsalsstader, skriv Noregs Bank.

 Dei viser samtidig til at reserveløysingane for når bankterminalen mistar kontakt med systemet, førebels berre fungerer med fysiske Bankaxept-kort.

– Ein betalar utan fysisk kort er derfor meir utsett ved feil. Mobiltelefonen kan også gå tom for straum og vere utsett for andre feil, påpeikar dei.

Beredskapsråd

Noregs Bank viser til sine beredskapsråd for betalingar, der det blir tilrådd å ha nokre kontantar tilgjengeleg, kontoar i fleire bankar og fleire betalingskort.

– Du bør ha fleire ulike betalingskort tilgjengeleg. I tilfelle der éi spesifikk kortløysing ikkje fungerer, vil du då kunne betale med dei andre. Ulike kortløysingar som er utbreidde i Noreg, er til dømes Bankaxept, Visa og Mastercard, heiter det i råda.

Tala frå 2025 viser at 66 prosent av betalingane i butikk framleis skjer med fysisk betalingskort, 2 prosent med kontantar og 2 prosent på andre måtar.

Powered by Labrador CMS