nyhende

Dei fleste ønskjer elektronisk alderskontroll i sosiale medium, ifølgje ei ny undersøking frå Medietilsynet. Foto: Medietilsynet
Dei fleste ønskjer elektronisk alderskontroll i sosiale medium, ifølgje ei ny undersøking frå Medietilsynet.

Tre av fire vil ha høgare aldersgrense i sosiale medium

Dei fleste ønskjer elektronisk alderskontroll i sosiale medium, ifølgje ei ny undersøking. Fleirtalet meiner også at aldersgrensa i dag bør bli høgare, og at staten bør ha ansvaret for å fastsetje ho.

Publisert Sist oppdatert

– Svara kan reflektere ei aukande forståing for at barn og unge blir eksponerte for både skadeleg innhald, åtferd og design i sosiale medium. Dette gjer nok at mange ser behov for auka regulering, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.

Aldersgrensa vi har i dag blir ikkje overhalden, sjølv om mange foreldre veit om ho.

I dag er aldersgrensa 13 år for å kunne opprette eigen bruker på tenester som Facebook, Snapchat, Instagram og Tiktok, utan løyve frå foreldra. Seks av ti foreldre seier at dei kjenner til aldersgrensa på 13 år. Likevel er sju av ti norske 9-12-åringar på sosiale medium, ifølgje Medietilsynets undersøking Barn og medium 2024.

Ein vanleg grunn til at foreldre gir barna tilgang til sosiale medium før dei er gamle nok, er frykt for at dei skal falle utanfor sosialt, viser den kvalitative rapporten «Alle andre får lov» frå Medietilsynet. Denne rapporten byggjer på intervju med foreldre som har late barna sine få opprette brukar på Snapchat før dei er gamle nok.

Regjeringa har uttrykt ønske om å heve dagens aldersgrense i sosiale medium til 15 år. Medietilsynets nye undersøking viser at regjeringa har støtte i befolkninga for auka aldersgrense: Seks av ti meiner ho bør vere 15 år eller meir.

Powered by Labrador CMS