nyhende

Det som vart ei dramatisk oppleving for Kåre Ravn Ottesen og kona, enda her: Trampolinen hamna inne på området til Førde barnehage etter å ha treft bilen deira.

Trampoline­ulukke i Førde: – Kunne blitt svært alvorleg

Det som starta som ein roleg søndagstur i Førde, enda dramatisk då ei trampoline kom flygande og traff bilen til Kåre Ravn Ottesen og kona på veg heim.

Publisert

Det var søndag ettermiddag at Kåre Ravn Ottesen og kona køyrde opp Tingvegen i Førde, på veg mot krysset ved E39, då ei trampoline plutseleg kom flygande.

– Eg hadde ikkje sjanse til å svinga unna. Ho small rett i bilen, fortel Ottesen.

Trampolina skal ha kome frå ein hage i området. Ho trefte passasjersida på bilen før ho fauk vidare og enda inne på området til Førde barnehage.

– Det viktigaste er ikkje bilen. Til kvardags er det mange små ungar som leikar i barnehagen. Det kunne blitt frykteleg dersom dette hadde skjedd då, seier han.

– Det var skremmande

Kåre Ravn Ottesen beskriv hendinga søndag som skremmande.

Ottesen seier at det bles godt i Førde den dagen, og trampolina tok fart etter eit kraftig vindkast.

– Me køyrde kanskje i 30 kilometer i timen. Det var skremmande. Det var like før ho kom seg inn gjennom sidevindauget der kona sat, seier han.

Heldigvis kom ingen personar til skade etter hendinga, men bilen fekk seg ein støkk.

– Det er skadar i taket over passasjerdøra og langs vindauga. Eit sidevindauge bak blei knust, og heile sida fekk seg ein kraftig trøkk, fortel han.

Ber folk bli flinkare til å sikra

Etter samanstøyten stansa Ottesen bilen og varsla eigaren av trampolina. Trampolina blei deretter sikra, slik at ho ikkje skulle fyka vidare.

Han håpar hendinga kan vera ei påminning til folk om å sikra trampolinar godt når det bles.

– Dei skal jo sikrast. Dei må festast godt, så dei ikkje fyk av garde. Ei slik trampoline kan gjera enorm skade, seier han.

Skaden på bilen er meldt inn, og bilen skal no takserast.

– Bilen er køyrbar, men må reparerast. Det er ein eldre bil, så det skal ikkje så mykje til før den blir kondemnert, seier han.

Saka vart først omtalt i Haugesunds Avis.

Powered by Labrador CMS