nyhende
Traktorkortesje kan erstatta 17. maitoget
Mesteparten av den tradisjonelle 17. maifeiringa må avlysast i år. Traktor- eller bilkortesjer kan erstatta 17. maitoga i Sveio. Det blir kransnedlegging utan publikum ved minnestøttene, men både desse seremoniane og 17. maitalane kan bli strømma på internett.
Dette kom fram då formannskapet diskuterte nasjonaldagsfeiringa. Diskusjonen hadde mest form som ein idedugnad. Det blei ikkje fatta anna vedtak enn å ta rådmannen si saksutgreiing til etterretning. Dette skuldast mellom anna at regjeringa enno ikkje har gitt sine endelege signal om korleis 17. mai kan feirast utan å koma på kant med smitteverntiltaka.
Jarle Jacobsen (KrF) var den som hadde dei fleste konkrete innspela under debatten. Han ønskte mellom anna markering i alle dei sju grendene som til vanleg har 17. mai-arrangement, og han oppmoda ordføraren til å møta leiarane for alle dei sju 17. maikomiteane for å drøfta opplegget med dei.
Det var også Jacobsen som først nemnde traktor- eller bilkortesjer. Og han meinte små grupper, for eksempel fem i talet, av musikk- og drillkorpsutøvarar kan engasjerast på ulike stader.
Tale av tiandeklassingar
Ikkje minst var formannskapsmedlemmene opptekne av å gje tilbod til eldre som ikkje så lett kjem seg ut, anten dei nå bur heime eller på omsorgssenteret.
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) fortel til Vestavind at ho reknar med å halda den tradisjonelle 17. maitalen utanfor Sveio omsorgssenter dersom det kan ordnast slik at bebuarar og tilsette kan høyra, men utan anna publikum.
Til formannskapet opplyste ordføraren at ho har engasjert to tiandeklassingar til å halda 17. maitalen i samband med kransnedlegginga ved krigsminnesmerket utanfor kyrkja.
Strømming på nettet
Det er Ingvild Haugland og Vebjørn Hjelmeseter som har sagt ja til denne oppgåva. Begge stadfestar overfor Vestavind at dei har teke imot utfordringa. Sjølve utformina av talen har dei enno ikkje kome skikkeleg i gang med.
Ordføraren fortalte vidare på formannskapsmøtet at ho har vore i kontakt med mellom andre Vestavind om strømming på nettet av talar og kransnedleggingar.
Ideen om strømming blei vidareutvikla under formannskapsmøtet. Det kom fram ønske om innslag frå alle grendene, og at dette like gjerne kan skje via kommunen sine nettsider og YouTube.
Frigjeringsdagen
Frigjeringsdagen blei det snakka lite om på formannskapsmøtet. 8. mai er det 75 år sidan andre verdskrigen tok slutt for Noreg sin del, og det var planlagt å markera dette jubileet i Sveio som elles i landet. Nå tenkjer Erve seg ei markering tilsvarande den som blir planlagt for 17. mai.
– Det vil seia kransenedlegging og talar, men utan publikum ved dei ulike krigsminnesmerka. Seremoniane kan bli videofilma og viste på nettet på ein eller annan måte, men planlegginga av dette er me ikkje ferdig med sjølv om dagen nærmar seg raskt, seier ordføraren.
Sveio har fem krigsmonument i alt; eitt ved Sveio kyrkje, to ved Førde kyrkje, eitt på Framnes kyrkjegard og eitt i Auklandshamn.