nyhende
Traktor køyrde inn i husvogn – førar mistenkt for ruskøyring
Ein mann i 70-åra er mistenkt for køyring i rusa tilstand, etter at ein traktor køyrde inn i ei stasjonær husvogn i ei grend i Sveio.
Vitne ringte politiet
Det var vitne til hendinga som melde frå til politiet ved 17.30-tida torsdag.
— Ein patrulje frå Stord vart sendt til staden. Der trefte dei på ein overstadig rusa mann, som er mistenkt for å ha køyrd traktoren. Blodprøve er sikra, opplyser vaktsjef Dan Magne Gaard ved Haugesund politistasjon.
Annonse
Privat grunn
Ifølgje Gard skal køyringa berre ha funne stad på privat grunn, og ikkje på offentlig veg.
Det var ikkje folk i husvogna som vart treft av traktoren, og ingen kom til skade i hendinga.