nyhende

Politi
Kraftige smell heldt naboar vakne natt til måndag.

Trafikkuhell i Ålfjordvegen

Publisert Sist oppdatert

Klokka 18.27 måndag kveld fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Ålfjordvegen i Sveio. Ein bil hadde køyrt av vegen og stod i ei grøft med naudblinken på, men det var ingen personar å sjå ved bilen.

Naudetatane rykte ut, og politiet kom etter kvart i kontakt med ein mann i 20-åra som forklarte at bilen hadde sklidd av vegen i låg fart, grunna glatt vegbane. Han hadde vore førar av bilen, og var ikkje skadd. Uskadd var også ein passasjer som hadde vore i bilen.

Bilbergarar kom etter kvart til staden.

— Ingen politisak, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Powered by Labrador CMS