nyhende
Trafikkontroll i Sveio: Fekk bruksforbod
Statens vegvesen hadde tysdag 21. april trafikkontroll på fylkesveg 541/Tjernagelvegen i Sveio, med fokus på bilbeltebruk og lette køyretøy.
Ingen av dei 22 kontrollerte førarane blei tekne for manglande bruk av bilbelte, men under kontrollen blei det likevel avdekt fleire forhold.
To av køyretøya hadde tekniske feil og fekk skriftlege manglar i form av teknisk kontrollseddel.
I tillegg kunne éin førar ikkje visa fram originalt vognkort, noko som resulterte i gebyr. Eit anna køyretøy hadde tildekka kjennemerke bak på bilen, og fekk bruksforbod på staden.
Resultat frå kontrollen:
Annonse
- 22 kontrollerte køyretøy
- 22 kontrollerte for bilbeltebruk
- 2 skriftlege manglar
- 1 gebyr for manglande vognkort
- 1 bruksforbod