nyhende

John Kristian Liknes (t.v.) frå entreprenøren Geir Flatnes AS og prosjektleiar Andreas Ekrheim i Sveio kommune frmafor bergknausen som skal vekk for å gi betre tryggleike i krysset Sveiogata/Løkjavegen.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
John Kristian Liknes (t.v.) frå entreprenøren Geir Flatnes AS og prosjektleiar Andreas Ekrheim i Sveio kommune frmafor bergknausen som skal vekk for å gi betre tryggleike i krysset Sveiogata/Løkjavegen.

Trafikkfelle i Sveio skal sprengjast vekk

Ei trafikkfelle like sør for Sveio sentrum blir blåst til himmels på nyåret.

Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje få trafikantar som har heldt på å gjere «det store» i krysset Sveiogata/Løkjavegen, nokre hundre meter før Sveio sentrum. Det er ein bergknaus i enden av eit jorde som er til hinder for sikta. Særleg for trafikantar som ikkje køyrer gjennom sentrum til vanleg kjem Løkjavegen, som ein har vikeplikt når ein køyrer frå sentrum, særs brått på.

Men snart blir denne trafikkfella i historie. Den skal sprengjast vekk. Det vil gi vesentleg betre siktline, 40 meter for sørgåande trafikk frå Sveio sentrum, og 20 meter for trafikken som kjem ned bakken i Løkjavegen mot Sveiogata.

— Det blir mykje tryggare enn det det har vore fram til no, seier prosjektleiar Andreas Ekrheim i Sveio kommune.

Fire gav pris

Det er cirka 229 kubikk med vekstjord, fordelt på eit areal på 650 kvadratmeter, som skal skrapast vekk først. Så skal 500 kubikk med stein skal fjernast. I tillegg til at berget forsvinn, vil det kome opp gatelys i krysset. Ein gamal mur skal vekk, det skal også etablerast ei grøft og eit 80 meter langt beitegjerde på staden skal erstattast med eit nytt.

mapboxgl.accessToken = 'pk.eyJ1IjoiYXBwZXhwdWJsaXNoIiwiYSI6ImNqeG9ma3JpazA1b2Uza252enk1eXV4eGsifQ.9jSguhytg3SKhZO9HHjlVw'; var map = new mapboxgl.Map({ container: 'map-1307', // container id style: 'mapbox://styles/mapbox/streets-v11', // stylesheet location center: [5.346912373091072, 59.54228986935385], // starting position [lng, lat] zoom: 15 // starting zoom }); map.addControl(new mapboxgl.NavigationControl()); var el = document.createElement('div'); el.className = 'marker'; el.style.backgroundImage = 'url(https://vestavind-sveio.no/wp-content/themes/appexpublish/images/marker.png)'; el.style.backgroundSize = 'cover'; el.style.width = 42 + 'px'; el.style.height = 42 + 'px'; new mapboxgl.Marker(el) .setLngLat([5.347362984216545, 59.54218098647641]) .addTo(map); map.on("wheel", event => { if (event.originalEvent.ctrlKey) { return; } if (event.originalEvent.metaKey) { return; } if (event.originalEvent.altKey) { return; } event.preventDefault(); }); map.on("load", event => { window.dispatchEvent(new Event('resize')); })

Det var Sveio-entreprenøren Geir Flatnes AS som vann anbodskonkurransen, etter at fire verksemder hadde gitt pris. Det var pris åleine som låg til grunn for konkurransen, og Flatnes fekk tilslaget for 296.487 kroner, ifølgje anbodsdokumenta.

Arbeidet skal etter planen ta til i februar.

— Det er ein kurant jobb for oss, men kor lang tid det tar vil avhenge av vêr og om det er tele i bakken, seier formann John Kristian Liknes i Geir Flatnes AS.

Støtte frå fylkeskommunen

Det er eit såkalla trafikktryggingstiltak som blir utført, og er eit av to slike som Sveio kommune har fått midlar frå Vestland fylkeskommune til i år.

Fylkeskommunen og kommunen deler på den berekna prosjektkostnaden på 300.000 kroner, mens kommunen sjølv dekkjer eventuelle meirkostnadar.

Arbeidet i krysset skal gjerast på dagtid, men mindre støyande arbeide kan går føre seg fram til klokka 19. Etter planen vil det vere trafikk på vegane mens arbeidet går før seg.

— Men under sjølve sprenginga blir vegen stengt, legg Ekrheim til.

Det andre prosjektet kommunen fekk fylkesmidlar til i år var til sikringa av Vågedalen, som nyleg har fått både gatelys og fartshumpar i tillegg til at delar av ein mur ved Vågeelva er rusta opp for å hindre utrasing.

Det er mellom anna 500 kubikk stein som skal vekk herfra.
Powered by Labrador CMS