nyhende

jordmor
– Eg har blitt svært godt motteken, og har fått kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø, noko som gjer at ein raskt kjenner seg som «ein del av gjengen». Har også inntrykk av at dei gravide kvinnene i Sveio har sett pris på at det er eit jordmortilbod igjen, etter at Sveio har mangla jordmor sidan slutten av august, seier Tove Austreim Jacobsen.

Tove er den nye jordmora i Sveio

Tove Austreim Jacobsen (47) hadde sin første dag på Sveio helsestasjon like over nyttår. Ho har alt funne seg godt tilrette.

Publisert Sist oppdatert

Hovudoppgåvene som jordmor i kommunehelsetenesta er i første omgang svangerskapskontrollar. I tillegg til å dra på heimebesøk i løpet av dei første dagane etter heimkomst frå sjukehuset etter at kvinna har fødd.

Arbeidsveka fordeler Tove Austreim Jacobsen slik; 80 prosent på helsestasjonen i Sveio, 20 prosent på føde- og barselavdelinga på Haugesund sjukehus. Austreim Jacobsen var ferdig utdanna jordmor i 2017.

Den nytilsette er ikkje i tvil om at dei gravide har blitt passa godt på av fastlegane sine, men trekkjer fram at ei jordmor har som regel betre tid på konsultasjonane, og tek nok opp tema som fødsel, amming og barseltid i større grad.

– Dei fleste gravide vel å gå både til fastlege og jordmor i svangerskapet, eg opplever at dette fungerer bra. Men om ein ønskjer det kan ein også velja berre å gå til legen eller berre til jordmor, seier ho.

Utvida tilbod

Jordmora tilbyr også kontroll 6-8 veker etter fødsel. Ho har forskrivingsrett på alle typar prevensjonsmiddel, og frå fylte 16 år kan alle jenter/kvinner koma til helsestasjonen for prevensjonsrettleiing.

– Førebels set eg ikkje inn eller tek ut spiral og p-stav, men eg byrjar med den praktiske opplæringa av det no snart, og dette vil bli eit tilbod forhåpentlegvis i løpet av våren. Det vil òg koma eit tilbod om celleprøvetaking i løpet av våren. Og dersom det er nokon som tenkjer på å bli gravide og føler behov for ein prat på førehand, så er også dei hjarteleg velkomne, seier Austreim Jacobsen som er busett i Sveio.

På sjukehuset, der ho er kvar torsdag, ser arbeidsdagen hennar ganske annleis ut. Der følgjer ho opp kvinner i fødsel, kvinner som er innlagt, eller kjem til poliklinisk kontroll grunna komplikasjonar i svangerskapet, kvinner som blir induserte (får sett i gang fødselen), og barselkvinner.

Utdanningsløpet

For å bli jordmor i Noreg må ein først ha autorisasjon som sjukepleiar. Austreim Jacobsen var ferdig utdanna sjukepleiar i 1998. Deretter har ho for det meste jobba på lungeavdelinga på Haugesund sjukehus, men har også vore innom andre avdelingar som gastro/nefro, gynekologisk, hudpoliklinikken på HSR og sjukeheim.

– Etter å ha jobba som sjukepleiar i 17 år bestemte eg meg for å gjera alvor ut av den gamle draumen min om å bli jordmor. Eg byrja på jordmorstudiet i Bergen i 2015. Det er eit toårig fulltidsstudium der halvparten er teori og halvparten praksis. Praksisen hadde eg på føde- og barselavdelinga i Haugesund og på Stord.

Rundt 200 fødslar

Ifølgje Austreim Jacobsen har ho ikkje eksakt tal på kor mange fødslar ho har vore med på, men tippar rundt 200. Ho slutta nemleg å telja då ho ikkje lenger var student (grunna krav om at ein sjølv skal ta imot minst 50 barn i løpet av studietida før ein blir godkjent som jordmor).

Heimefødslar har ho ikkje vore med på, har heller ikkje inntrykk av at det er så mange planlagde heimefødslar. Ifølgje Austreim Jacobsen kjenner ho berre til to-tre jordmødre som tilbyr å vera med på planlagde heimefødslar. Er heller ikkje sikker på om tilbodet er så godt kjent. Kanskje difor det ikkje er så mange som etterspør det? undrast ho.

– Ein annan faktor er at det berre er friske kvinner med eit lågrisiko svangerskap som kan nytta seg av dette. No har det blitt slik at stadig fleire svangerskap og fødslar blir definert som risiko, faktisk har me fleire såkalla risikofødslar enn lågrisikofødslar på fødeavdelinga. Så har du til dømes høgt blodtrykk, svangerskapsdiabetes, tidlegare hatt keisarsnitt, eller har høg BMI, så får du ikkje nytta tilbodet om planlagt heimefødsel, opplyser den nytilsette jordmora i Sveio.

Alle fødslar er unike

– Spesielle opplevingar frå fødestova?

– Alle fødslar er spesielle og unike, men det er klart at nokon festar seg betre i minnet enn andre. Ikkje nødvendigvis fordi det har vore så dramatisk. Ein av dei fødslane eg hugsar best var ei fødekvinne som var svært engsteleg og hadde inga tru på at ho skulle klara å føda sjølv. Men me jobba godt saman heile natta, ho, eg og pappaen. Ho enda opp med å føda så elegant, og den gleda over barnet og stolthetskjensla over seg sjølv som ho viste, var utruleg rørande.

Det er også alltid kjekt å sjå når eit par jobbar som eit team inne på fødestova. Pappa eller medmor er som regel ein svært viktig støttespelar og motivator, og betyr mykje for fødselsopplevinga til kvinna.

– Kva er din største styrke?

– At eg på fødestova klarar å formidla ei ro til den fødande og partnaren hennar, og at eg har god oversikt inne på stova. Kva som vil vera styrken min som jordmor i kommunehelsetenesta er litt uvisst enno, men målet mitt er iallfall å vera fagleg oppdatert og gi behandling og omsorg som er heilskapleg. Eg håpar at kvinnene som kjem, vil føla seg sett og ikkje vera redde for å ta opp tema som opptek dei.

Starthjelp

– Kvifor er akkurat ditt yrke så viktig?

– Yrket som jordmor er viktig fordi ein bidrar til ein trygg start for danninga av ein ny familie. Mor og barn blir følgd opp i svangerskap, fødsel og barseltid. Noreg er eit av dei tryggaste landa i verda å føda barn i og det er mykje på grunn av den gode svangerskaps- og fødselsomsorga me har her. I land med dårleg utbygd helsevesen er framleis mødre- og spedbarnsdødeligheten høg.

Typisk kvinneyrke fullt av action

Ifølgje Austreim Jacobsen skal det finnast rundt 20 mannlege jordmødre i Noreg, men berre fire-fem som jobbar innanfor yrket. Sjølv føler ho seg heldig som får jobba med éin av desse på føda i Haugesund.

– Han er ein svært dyktig jordmor som dei fødande er kjempenøgde med. Kanskje er menn skeptiske til å tre inn i det som blir oppfatta som ei «kvinneverd»? Kanskje dei er skeptiske grunna tittelen «jordmor»? Då er det viktig å hugsa på at det finst mange mannlege gynekologar. Jordmor betyr dessutan «den som løftar barnet frå jord til mor», og er såleis kjønnsnøytral.

Jordmoryrket, særleg på fødestova, er eit yrke som kan vera fullt av action og akutte hendingar, og dette appellerer vanlegvis til menn. Eg er heilt sikker på at fleire menn kunne ha funne dette yrket spennande og kjekt, fastslår Tove Austreim Jacobsen.

Powered by Labrador CMS