nyhende

Torv – slit og trivsel på Haugalandet

Kolbein Falkeid vert rekna som ein av dei varaste og fremste lyrikarane her til lands i vår tid. Men sanneleg har han og skreve ei bok om noko så prosaisk og kvardagsleg som torv, utgjeven av Lokalhistorisk stiftelse i 1989.

Publisert Sist oppdatert

Og nå må eg føya til: torvvinno var ein del av det årlege kvardagsslitet på gardane for berre eit par generasjonar sidan, mellom anna i skogfattige ytre delar av noverande Sveio.

Falkeid støttar seg til tidlegare skriftlege kjelder, og ikkje minst lokale såkalla informantar. I Sveio til dømes Peder Bua, Sigurd Alsaker, Osmund Haukaas.

Eldgamal tradisjon

Det året eg vart fødd, i 1947, vart myrområda mellom anna i tidlegare Sveio herad undersøkte av konsulent Oscar Hovde. Av kysthereda i Sunnhordland var dette det myrrikaste området.

På Vandaskog vil eg tru det var etter måten gode torvmyrar. Og det måtte vera eldgamal tradisjon å gå i «torrmyro» mellom vårvinno og slåtten, rundt midten av mai vil eg tru. Eg har sjølv nokså klåre minne om torvvinno, denne årlege arbeidsbolken med å syta for vinterbrenna i det langt på veg trelause kystheilandsskapet, som jo Vandaskog var ein del av.

Torvskjering på Høgset/Hiksdal i Ølen, ca. 1915-1920. I forgrunnen frå venstre: Johannes Stene, Maria Stene, Karen Stene og Rasmus Stene. I bakgrunnen frå venstre: Sigurd Stene og Johanna Stene.

Etter kvart vart det kjøpt inn kol og koks frå Haugesund. Og eg kan hugsa då Karmsund Kraftlag strekte linjene og me fekk straum i 1952-53. Eg var då 5-6 år gammal og fann det litt skummelt. Men så hadde eg storesyster Berit til å passa på meg.

Tungt arbeid

Alle garden sine folk var sjølvsagt med i myro. Først var det «å bassa av», å fjerna det øvste laget med grastorv og lyng for å komma ned til torvlaget. Far spadde og lempa opp torvene på kanten, der me andre sto klare med greipene. Så var det å «vodla», bera fram torvene til der dei skulle liggja til turk. Fram på dagen vart det eit tungt slet for ein liten gutatrave.

Kor mykje tyngre måtte det ikkje vera for far vår som sto og spadde seg lenger og lenger ned i myro, djupn etter djupn, eller «juppner» på dialekt. Peder Bua kunne hugsa han var med og spa ned til 9 juppner, det var i Nera Kinnamyro i garden Lokna si utmark.

Ofte støytte ein på større og mindre røter nede i myra, helst av furu, vil eg tru. Furukongler og hasselnøtter fortalde at landet hadde vore skogkledd. Ikkje å undrast over at «skogreisningstonkjen» vann fram på denne tida.

Krakka og pjuka

Eg hugsar også spaninga når «vassbenkjen» tok til å bula innetter i den nyspadde «torrskoren», og truga med å bresta så vatnet fløymde inn i den nye skoren. Eg kan hugsa noko av det vidare arbeidet, med å «krakka», det vil seia å reisa to og to torver som eit møne mot einannan etter ei veke eller to. «Då var det berga, kommen opp or veto». Og endå ei tid seinare vart torvene «pjuka», «sette i pjuk», det vil seia stabla fint i såter. Sånn vart det ståande og tørka til det var klart til å kjøra heim.

Spaing av torv i Byheiene, Haugesund. Mannen til høgre held ei trillebåre fullasta med torv.

Tida det tok var sjølvsagt avhengig av sommarvêret. Og så til slutt «siste reis», å køyra torvo heim med hest og kjerre og lø opp inne i «torrskuten» i enden av gamlehuset. Det var heilt klårt den slags arbeid som gav ei særskilt tilfredsstilling. Sjølv om det støva og skitna oss alle til. «Det gav møkje mø».

Særeigen lukt

Det som eg ikkje har ein klår førestelling om, er den særeigne lukta av torvrøyken frå pipa, som er omtala av forfattarar som dansken Johannes V. Jensen, og Arne Garborg.

Nokre stader i kommunen dreiv dei nok å spadde torv lenger enn på min heimagard. Og sikkert kan ein finna «informantar» som har meir å fortelja enn det vesle eg kan leita fram i farten i den grå hausen.

Staskaren Per Sivle ordla seg sånn: «Når eg ligg om natta og ikkje får sova, då er det at minna kjem på vitjing. Eitt etter eitt kjem dei strykande framom det vindauga sjela mi har ut mot den tida som har vore».

Olav Vandeskog

Powered by Labrador CMS