Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Torsdagskveldsen mettar opp mot 250 på to timar
God og sunn mat og drikke. Felleskap og trygge vaksne. Ein plass for alle å koma anten dei er medlem i Sveio IL eller ikkje. Torsdagskveldsen er allereie ein suksess.
350 smoothies, 20-25 posar med toastbrød, 6-7 grovbrød, to store pakkar med egg til eggerøre og 10 store pakkar med ost er litt av det som går ned på høgkant i løpet av to timar torsdagskveldane på Sambrukshuset. Ein gong i månaden er det varm mat, og 7. desember blir det julegraut.
Når Vestavind er innom er det litt roleg. Dei første puljane har vore innom, og det nærmar seg dei siste kveldsgjestene. Mellom andre Gutar 14 og Jenter 12 som har trena fotball. Men før klakkinga av fotballsko, livleg prat og latter overtar lydbildet, får me ein kjapp prat med dei tre frivillige som er på dugnad i kveld.
Bygger fellesskap
Eivind Reidar Aase, Reidun Lie og Ernst Lie har full kontroll på mat og oppgåver, og storkosar seg når det er deira tur til å ha vakt.
– Dette bygger felleskap og samhald på tvers av generasjonar, seier Aase, og får samstemte nikk frå dei to andre.
– Dei som er innom set pris på både maten og oss som jobbar dugnad. Det er veldig sosialt, og me lærer av dei unge og dei lærer av oss, seier Reidun Lie før ho overlet kjøkkenet til dei to karane og går for å styra steikinga på toastbordet. Siste pulje er på full fart inn dørene.
Dei første kom to timar før
Torsdagskveldsen er frå klokka 18.00 til 20.00, og kven som helst kan koma innom og få seg ein matbit og ein prat. Sambrukshuset er ope frå klokka 17.00, men då dagleg leiar i Sveio IL Lillian Rommetveit kom klokka 16.00, fann dei første vegen inn.
– Dei gjekk rundt huset til dei fann ei open dør. Dei ville så gjerne vera her, og fekk lov til det, smiler Rommetveit.
Ho blei tilsett som dagleg leiar i 100 prosent stilling 1. september. Ho har fleire store hjartebarn, og Torsdagskveldsen er eit av dei.
– Dette har eg hatt lyst til lenge. No har me halde på i 1,5 månad, og det er innom mellom 100 og 250 barn, unge og vaksne. Her får dei som vil mat og selskap av trygge vaksne som er til stades for dei. Det er kjekt å sjå at det også har blitt ein tilhaldsstad for ein del av dei som ikkje er med på organiserte aktivitetar, seier ho.
Håper å få til to kveldar
Torsdagskveldsen kostar ikkje Sveio IL noko i pengar. Rommetveit har søkt om pengar ulike stader og har sponsorar nok til ein kveld i veka.
– Eg har tenkt å utfordra fleire, mellom anna næringslivet, og håpet er at me får nok midlar til kvelds to dager i veka, seier den daglege leiaren, som gler seg over full støtte frå styret og mange vaksne som vil bidra på kveldsdugnad.
To som gler seg over Torsdagskveldsen er Sebastian Haraldsen Johannessen og Maja Hovda-Fredriksen. Dei trenar med høvesvis Gutar 14 og Jenter 12, som avsluttar treninga med kvelds. Eit høgdepunkt i veka, meiner dei to.
– Då blir det nesten torsdagane som kosetrening, smiler Sebastian.
– Dette er veldig bra! Men det er litt synd at me berre kan ta to smoothies, ler Maja, som spelar både fotball og handball.
– Eit fantstisk tiltak
Sveio IL har også fokus på bærekraft. Til dømes blir gjengløymde klede og sko sett fra fram. Er dei ikkje henta innan to månader, går dei til gjenbruk. Då kan dei som er innom Torsdagkveldsen ta med seg det dei har bruk for. Ein stumtjenar er blitt til eit skotre. Der kan dei som vil henga opp brukte sko som andre kan ha bruk for.
Audun Svendsen og Mette Katinka Saltvedt sit saman med fleire andre trenarar og vaksne. Dei er imponerte over kva Torsdagskveldsen allereie har blitt.
– Eit heilt fantastisk tiltak, og eg er imponert over korleis pensjonistane bidrar, seier Saltvedt.
– All ære til Lillian som har fått dette på plass. Her bygger ein felleskap, ikkje berre for idrettslaget. Dette er til nytte for heile bygda, og det er viktig med ein slik arena der både unge og vaksne er i lag, seier Svendsen.