nyhende

«Tora» gav overraskande whiskygull

– Det er første gong me er i ein internasjonal konkurranse med ein whisky. Eg håpte det kunne bli sølv eller bronse, seier Reidar Horneland. Så blei det gull og beste whisky i Noreg i sin klasse.

Publisert Sist oppdatert

Horneland er dagleg leiar i brenneriet Hiernagla som held til på Ekrene. Dei produserer både whisky, akevitt og gin og har fått prisar før. Men ingen så gjeve som denne.

– Fristen for å senda inn var i september i fjor. Det blir konkurrert i ein heil del klassar, og små og store produsentar deltar frå heile verda. Først blir det kåra vinnarar i kvart land. Desse går vidare til verdsfinalane i World Whiskies Awards den 26. mars.

Lokale namn

Hiernagla brukar lokale historiske namn på alle produkta sine. Whiskyen «Tora» er oppkalt etter Tora Mostrastong frå Bømlo. Tora tyder «den kjempesterke», og Tora var ei staut og svært vakker kvinne. Tilnamnet Mostrastong fekk ho truleg av di ho var høgreist og stolt.

Stolt er også Horneland over at vesle Hiernagla har produsert den den beste norske whiskyen i sin klasse. «Tora» er prega av lagring på fat som har vore brukt bourbon og Pinot des Charentes. Begge er sjølvsagt eikefat.

Whiskyen har ein periode vore lagra på akkurat dette eikefatet som tidlegare har innehalde Pinot des Charentes.

Overraskande

– Kategorien me overraskande vann er «smal batch single malt». Smal batch er små utgjevingar frå 500 flasker og oppover. «Tora» er produsert i 800 flasker, og alle er nummererte. Noko som mellom anna gjer dei attraktive for samlarar, fortel Horneland, som synes det er mykje kjekkare at folk drikk «Tora» enn å samla på henne.

– Korleis blir deltakarane bedømte?

– Dei fleste deltakarane frå Europa blei sendt til Nederland. Me blei sendt til Skottland. Prosedyren er den same. Profesjonelle smakar blir hyra inn og avgjer kven som er best gjennom blindtestar. Det blir gitt ein poengsum frå 1-100 pluss vurdering av kvalitet og karakter, fortel Horneland.

Svært mange konkurrentar

– Blir det gull og verdas beste whisky i mars?

– Det vil i såfall bli ei gedigen overrasking. Me konkurrerer med svært mange, seier han og viser ein e-post der konkurrentane er lista opp på 10 tettskrivne A4-ark.

Kanskje det er noko i vatnet på Vestlandet. Berentsens Brygghus i Egersund fekk også gull sin klasse Single Cask Special Release med «Vardberg».

Her ligg det drikke på fat som skal modnast i både 5 og 10 år. Den eldste whiskyen er no 5 år.

Kapitalen ligg på fat

For tida er det stille på destilleriet, og dei store handlaga destillasjonsapparat i koppar er tomme etter siste batch er tappa. Hiernagla lagar også akevitt og gin i tillegg til whisky.

Horneland er einaste til sette for tida.

– Mykje av kapitalen er bunde opp i varelageret vårt som ligg til modning på fat. Der blir den liggande i 5-10 år. Me kan ikkje løysa den ut når alt er blitt mykje dyrare dei siste åra. Så økonomien tillet ikkje fleire tilsette enn meg per i dag, seier han.

Powered by Labrador CMS