nyhende
Tomter til ny barnehage lagt fram
Rådmannen foreslår å byggja ny Sveio barnehage vest for Sveio kyrkje, men politikarane ser ut til å ønskja tid til å tenka gjennom kor den beste plasseringa er. Andre er i tvil om det er rett å byggja ny barnehage no.
Då budsjettet for 2021 blei fastsett på tampen av 2020 blei det bestemt å setja av 500 000 kroner til planlegging av ny kommunal Sveio barnehage, med forventning om at prosjektet skal ut på anbod i løpet av 2022.
I ei sak som politikarane har til behandling i desse dagar, gjer rådmann Jostein Førre greie for at det er nødvendig med to avklaringar for å halda tidsramma. Den eine er val av tomt, den andre må seia noko om kor mange avdelingar ein skal planlegga for i forprosjektet.
Fire alternativ
Når det gjeld plassering, har administrasjonen vurdert fire tomter, og trekt ein konklusjon som seier at den beste plasseringa vil vera alternativ D, altså vest for Sveio kyrkje. Tomta er i privat eige og består av dyrka mark. Tomta er stor, og med opplegg for veg, vatn og avløp, vil opna eit nytt område for utvikling av Sveio sentrum. I samband med reguleringsprosessen kan det bli krav om arkeologisk undersøking.
Rådmannen meiner at ein bør satsa på ei plassering sentralt i sentrum ved alternativ C eller D, og tilrår at ein startar reguleringsarbeid av valt tomt så snart som mogleg.
Fem avdelingar
– Det vil gå minimum eitt år til reguleringsarbeidet. I utgangspunktet meiner rådmannen at tomta vest for Sveio kyrkje, som ei totalvurdering med vekt på utvikling av Sveio sentrum, har størst potensiale. Om det er ønskjeleg å redusera risiko om det oppstår utfordringar med denne tomta, er det mogleg å starta regulering av både alternativ C og D på same tid, står det i saka.
Basert på tal og vurderingar frå barnehageetaten, har rådmannen kome fram til at det bør planleggjast for fem avdelingar, der den siste avdelinga er ein forsterka avdeling, som blir lagt inn som ein opsjon i anbod, slik at ein har moglegheit til å nedskalera prosjektet, dersom kostnadsbiletet tilseier det.
– Det er essensielt at den nye barnehagetomta får nok areal til framtidig utviding til 6 avdelingar, påpeiker rådmannen, presiserer at arbeidet med regulering og forprosjekt må starta no, slik at saka kan koma til politisk behandling ved årsskiftet igjen.
For kort tid
Leiar for hovudutval oppvekst og kultur, Asle G. Halleraker (Ap) la i utvalet fram eit forslag som tok ut den tilråda plasseringa ved kyrkja. Forslaget fekk fleirtal i både hovudutvalet og formannskapet. Halleraker fortel at dei fekk sakspapira med fire tomteforslag same ettermiddag som dei skulle behandla saka. Derfor blei for knapt med tid for ei så stor avgjerd.
– Ein skal ha respekt for ei så viktig sak, med så mange millionar involvert. Det må vera ein prosess i forkant, slik at partigruppene kan finna optimal plassering – derfor tok eg ut plasseringa i saka, men på same tid signaliserer me progresjon, forklarar Halleraker.
Han kan ikkje forstå at Sveio Høgre sin representant, John Kristian Økland foreslo å utsetja heile saka til hausten, og at Beathe S. Haugland frå Sveio Sp var med å stemma for dette.
– Saka ligg inne i økonomiplanen, og grunngjevinga i møtet var at saka kom kjapt på. Dette er for meg svært vanskeleg å sjå logikken i. Dersom dei er imot ein ny barnehage i sentrum, er det vel meir naturleg å stemma mot heile saka, og ikkje prøva seg med ei utsetjing, seier Halleraker, som håpar at både Sveio Høgre og Sveio Senterparti ser kor viktig det er med ein ny barnehage i Sveio sentrum, og viser dette i politiske avstemmingar.
Hasta ikkje
Økland forklarer at saka blei gjort tilgjengeleg for utvalsmedlemene ein time før møtet tok til, dermed fekk han ikkje lest saka før møtet.
– Det er ei viktig sak som bør behandlast på ein god måte. Kommunalsjefen svara at det ikkje var noko spesifikt som hasta, men det var eit generelt ønskje om framdrift i saka. Det var snakk om eit prinsipielt viktig val, og forplikta pengebruk på over 10 millionar kroner. Då meinte eg at det ikkje var tilrådeleg å behandla saka i dette møtet, men heller ta det opp igjen neste møteserie, seier Økland, som ikkje har tatt stilling til om han vil foreslå utsetjing av saka i kommunestyret 14. juni.
Ledig kapasitet
Økland er usikker på om han er for ny barnehage i Sveio sentrum – for han vil det vera avhengig av eit godt gjennomarbeida saksunderlag.
Høgrepolitikaren viser til gjeldende Barnehagebruksplan 2016-2026, der kommunestyret mellom anna har vedteke at: «Det er kommunen sitt mål å dimensjonere tilbodet av barnehageplassar etter etterspurnaden, slik at barnehagane i Sveio kommune, både dei private og dei kommunale, ikkje har ledig kapasitet.»
– I saksunderlaget for val av tomt til ny Sveio barnehage er det dokumentert at samtlege barnehagar i kommunen har ledig kapasitet, og at behovet for barnehageplassar er forventa å falla ytterlegare dei neste åra. Då er det naturleg å stilla spørsmål ved om det på kort sikt er forsvarlig å auka tal barnehageplassar i kommunen. Dette bør administrasjonen utreda før det blir tatt stilling til om det skal byggjast ny barnehage i Sveio sentrum, seier Økland.