nyhende
Tolv departement utsette for dataangrep
Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) har avdekt eit dataangrep på IKT-plattforma til tolv departement. Saka blir etterforska av politiet.
– Vi tek denne hendinga svært alvorleg. DSS samarbeider tett med Nasjonalt tryggingsorgan og politiet. Dei har sett i verk ei rekkje tiltak for å handtere angrepet, og vi følgjer situasjonen tett, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Kommunal- og distriktsministeren vil orientere Stortingets utvida utanriks- og forsvarskomité om saka.
– Det er viktig å understreke at arbeidet til regjeringa går som normalt. DSS har sett i gang ei rekkje tryggingstiltak for å tryggje den informasjonen som ligg på IKT-plattforma. Det kan bli nødvendig med ytterlegare tryggingstiltak. Dette vil bli vurdert fortløpande, seier Gjelsvik.
Krisestab
DSS har sett krisestab og undersøkjer og handterer hendinga med bistand frå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) og andre tryggingsmiljø.
– Vi har avdekt ei hittil ukjend sårbarheit i programvara til ein av leverandørane våre. Denne sårbarheita er utnytta av ein ukjend aktør. Vi har no lukka denne sårbarheita. Det er for tidleg å seie noko om kven som står bak og omfanget av angrepet. Undersøkingane våre og etterforskinga til politiet kan gi fleire svar, seier Erik Hope, direktør i Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS).
Hendinga er meld og blir etterforska av politiet. Datatilsynet er varsla.
Ikkje tilgang
DSS har sett i gang ei rekkje tryggingstiltak. Konsekvensen av eitt av desse tryggingstiltaka er at tilsette i dei tolv departementa no ikkje har tilgang til DSS» fellestenester på mobil. Dette gjeld mellom anna e-post. Dei tilsette kan likevel jobbe som normalt på datamaskinene sine på kontoret eller på heimekontor.
– Vi overvaker systema kontinuerleg, og vi set inn fleire tiltak dersom det blir nødvendig. Av omsyn til etterforskinga kan vi ikkje gå ut med meir informasjon på noverande tidspunktet, seier Hope.
IKT-plattforma til DSS blir nytta av alle departementa unnateke Statsministerens kontor, Forsvarsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Utanriksdepartementet.