nyhende
Tok førarkort i beslag frå vinglande sjåfør
Onsdag ettermiddag vart politiet varsla om ein vinglande bil på Tittelsnesvegen.
– Det var ein som ringte til politiet grunna at dei hadde observert ein vinglande bil på Tittelsnesvegen, seier Ingvild Vea, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Rundt klokka 14.00 vart sjåføren stoppa og kontrollert av politiet. Bak rattet satt ei eldre kvinne. Politiet tok førarkortet hennar i beslag, i påvente av vurdering frå ein lege.
– Elles fekk køyringa ingen andre reaksjoner, seier Vea.