nyhende

Politibetjent Idar Helland (t.v.) og førstebetjent Nils Henrik Nodland på plass i Førde i formiddag.
Politibetjent Idar Helland (t.v.) og førstebetjent Nils Henrik Nodland på plass i Førde i formiddag.

Tok fartssyndarar i sommarsol

Utrykningspolitiet hadde fartskontroll på E 39 i 60-sona Førde torsdag. Første kvarteret blei fem førar vinka inn for å ha køyrt for fort. Ein mista førarkortet i løpet av kontrollen.

Publisert Sist oppdatert

Vestavind vart ikkje stoppa av UP, men svinga likevel inn busslomma. For å ta bilde og slå av ein liten prat med to blide karar. Det viste seg å vera ein UP-patrulje frå Stord som hadde teke turen gjennom Bømlafjordtunnelen for å halda kontrollen.

Førstebetjent Nils Henrik Nodland og politibetjent Idar Helland hadde ein fin dag på jobben.

–  Det gjer godt med sol og varme. Det har vore mange kalde og våte dagar på jobb denne våren og forsommaren, seier Nodland.

Ein mista førarkortet

Dei starta kontrollen klokka 11.15, og fram til klokka 11.30 måtte dei vinka inn fem førar som køyrde for fort. Då Vestavind snakka med dei, hadde alle halde fartsgrensa den siste halvtimen.

Då kontrollen vart avslutta, hadde patruljen skrive ut 17 forenkla forelegg. Høgaste fart i løpet av kontrollen var 87 km/t, og føraren av denne bilen fekk førarkortet beslaglagt.

Så mykje kostar det å køyra for fort i 60-sona:

  • til og med 5 km/t – kr. 800
  • til og med 10 km/t – kr. 2.100
  • til og med 15 km/t – kr. 3.800
  • til og med 20 km/t – kr. 5.500
  • til og med 25 km/t – kr. 8.500
  • Over: Førerkortbeslag

Kjelde: Lovdata

Powered by Labrador CMS