nyhende
Tok 30 fartssyndarar på 2,5 time
Det betyr at det i snitt var nokon som kvart 5. minutt køyrde for fort gjennom Førde. Ein førar var berre 1 km/t unna å mista førarkortet.
Trafikkontrollen pågjekk i 60-sona på E39 i Førde mellom klokka 09.30 og 12.00 laurdag. Det blei travelt for patruljen som gjennomførte den. Heile 30 forenkla førelegg blei skive ut i løpet av 2,5 time.
– Det står faktisk feil i loggen, for høgaste fart som blei målt var ikkje 80, men 85 km/t. Det betyr at føraren av den bilen berre var 1 km/t unna å få førarkortet beslaglagt, seier Dag Magne Gaard, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Fem mista førarkortet
Kontrollen blei gjennomført berre tre dagar etter ein trafikkontroll like ved Haukås-krysset. Der var farten ein heilt anna, og ein av førarane som mista førarkortet køyrde 61 km/t for fort i 80-sona.