nyhende
Tøff sveibu i krevjande sport
Emma Louise Ballard er ei av få jenter, og den einaste i Sveio som konkurrerer i motocross. Nyleg sikra ho seg ein andreplass samanlagt i sin klasse i Vest Cup. Denne cupen dekkar området mellom Kristiansand og Sotra.
Cupen omfattar sju rundar. I den avsluttande kom ho på fjerde plass, men det var etter eit åtte veker langt avbrot i treninga på grunn av lårbeinsbrot under NM i Speedcross tidleg i juni.
Ikkje skremt av skader
– Eg har brekt begge beina tidlegare også, men det skremmer meg ikkje frå å satsa vidare innan denne sportsgreina, fortel Emma til Vestavind.
Mamma Kristina Våge Ballard stadfestar at skadane innan denne sportsgreina fort kan bli omfattande når uhellet først er ute.
– Det er kanskje mest skremmande for oss foreldre, men me blir jo herda etter kvart, seier ho.
– Fantastisk godt miljø
Kristina framhevar først og fremst det ho kallar eit fantastisk godt miljø innan motocrossmiljøet. Ikkje berre blant utøvarane, men også blant familiane. Her må alle vera med på treningar og konkurransar rundt om i landet. Dermed får dei alle eit stort nettverk og har det veldig kjekt saman, fortel ho.
Foreldra hjelper også til, blant anna med vedlikehald.
– Av og til går meir tid med til mekking enn til køyring, seier pappa Simon Ballard, som elles helst vil halda seg litt i bakgrunnen.
Teljande klasse
Emma fylte 13 år søndag, og dette er første sesongen ho har deltatt i teljande klasse, Jenter 13-15 år, på 85-kubikkar. Men ho har trent på bane dei siste fem åra og meir målretta dei to siste.
– Det starta med at ho og broren Yayden begynte å kjøra ein liten firehjuling heime i hagen hos besteforeldra, fortel Kristina.
Yayden køyrer også motocross og deltar i konkurransar, men ikkje i like stor grad som søstera det siste året.
Trenar tre gonger i veka
Sjølv fortel Emma at ho trenar rundt tre gonger i veka. I alle fall i helgene kan kvar treningsøkt vara i fire timar. Sidan det ikkje finst bane i Sveio og sidan familien har hytte på Bømlo, er Bømlo blitt heimebanen hennar. Men ho trenar av og til også på Karmøy, Stord, Vikedal og Sauda.
Emma er også med ei gruppe gruppe som blir kalla MX Vest, med Runar Sudmann som trenar. Med denne gruppa reiser ho rundt i landet og testar banar dei ikkje har køyrt på før. Slike turar er svært kjekke, synest Emma. På turar som dette kan det ofte bli køyring i sju-åtte timar i strekk. Sist helg gjekk turen med MX Vest til Utne i Hardanger.
Framleis få jenter
Emma er ikkje berre eineståande i si sportsgrein i Sveio. Det er framleis få jenter som driv med motocross sjølv om talet er aukande. Emma køyrer difor saman med damene.
– Målet er ei topp tre-plassering i NM. Elles tenkjer eg at måla blir til etter kvart, seier Emma.
Både ho og foreldra håpar det blir motorsportsanlegg i Sveio, sjølv om det kanskje ikkje skjer før ho er vaksen.