To tunge køyretøy i ulukke på Tittelsnesvegen sør for Krossleite.

To tunge køyretøy i ulukke – Vegen er opna

Ein sjåfør er sendt til sjukehus etter ein kollisjon mellom to tunge køyretøy på Fv. 47 ved Kattabergsfjellet. 

Publisert Sist oppdatert

Politiet fekk melding om ulukka på Fv. 47 ved Kattabergsfjellet rundt klokka 12.50 måndag.

Ulukka skjedde på Fv. 47 ved Kattabergsfjellet Sveio.

Lastebil og tankbil involvert

Første melding frå politiet var at fleire tyngre køyretøy var involverte. Kort tid etter melde brannvesenet at det var snakk om ei påkøyring bakfrå.

Klokka 13.40 opplyste innsatsleiar Hans Christian Dahl til Vestavind at det var ein lastebil utan last og ein tankbil med hengar som hadde kollidert.

– Nødetatane fekk melding om ein kollisjon mellom to tyngre køyretøy. Då vi kom fram, var det ein lastebil utan last og ein tankbil med hengar som hadde vore involverte, sa Dahl.

Ein førar til sjukehus

To personar var involverte i ulukka. Begge er førarar av køyretøya.

– Det er kontroll på begge dei involverte. Den eine er køyrd til sjukehus med ukjent skadeomfang, og den andre føraren er dimittert, sa innsatsleiaren.

– Kva som er årsaka til kollisjonen, er det vi prøver å avdekka gjennom etterforskinga som går føre seg, seier Dahl.

Han opplyste samstundes at det ikkje var mistanke om rus.

– Det er ingen mistanke per no, men vi gjennomfører rutinemessige testar av dei involverte, seier han.

Ikkje fare for lekkasje

Det var først uvisse knytt til om det kunne vera lekkasje frå tankbilen, noko som raskt vart avkrefta.

– Det er alltid usikkert når ein tankbil med farleg gods er involvert. Då må vi vurdera kor stor tryggleikssone vi må setja av. Men per no er det ingen fare for lekkasje, seier Dahl.

Han seier ulukka hadde eit potensial som gjorde at naudetatane måtte ta høgde for fleire scenario.

– Dette er ei hending med eit visst potensial. Då brukar vi heller ein moderat overreaksjon for å ivareta tryggleiken, sa innsatsleiaren.

Vegen kan bli stengd lenge

Vegtrafikksentralen er varsla, og entreprenør er sendt ut for å dirigera trafikken og leggja til rette for omkøyring.

– Det kan bli ein komplisert operasjon å få frakta vekk dei tunge køyretøya. Bilbergar må vurdera kor krevjande dette blir, sa Dahl tidlegare på dagen.

Klokka 19.56 melder politiet at dei er ferdige på staden, og at det blir oppretta sak. Begge køyretøya er fjerna, og eitt køyrefelt er opna for trafikk. Entreprenør kostar no vegbanen, slik at begge felt kan nyttast om kort tid.

Klokka 21.15 melder Statens Vegvesen at vegen er opna og hendelsen avslutta.

Powered by Labrador CMS