To tunge køyretøy i ulukke – Fv. 47 stengd sør for Krossleite
Ein sjåfør er sendt til sjukehus etter ein kollisjon mellom to tunge køyretøy på Fv. 47 ved Kattabergsfjellet. Vegen er stengd i begge retningar.
Politiet fekk melding om ulukka på Fv. 47 ved Kattabergsfjellet rundt klokka 12.50 måndag.
Ulukka skjedde sør for Sveio sentrum, mellom Krossleite og Tveit. Vegen er stengd i begge retningar.
Lastebil og tankbil involvert
Første melding frå politiet var at fleire tyngre køyretøy var involverte. Kort tid etter melde brannvesenet at det var snakk om ei påkøyring bakfrå.
Klokka 13.40 opplyste innsatsleiar Hans Christian Dahl til Vestavind at det var ein lastebil utan last og ein tankbil med hengar som hadde kollidert.
– Nødetatane fekk melding om ein kollisjon mellom to tyngre køyretøy. Då vi kom fram, var det ein lastebil utan last og ein tankbil med hengar som hadde vore involverte, seier Dahl.
Ein førar til sjukehus
To personar var involverte i ulukka. Begge er førarar av køyretøya.
– Det er kontroll på begge dei involverte. Den eine er køyrd til sjukehus med ukjent skadeomfang, og den andre føraren er dimittert, seier innsatsleiaren.
Politiet var klokka 13.40 i gang med avhøyr og åstadsundersøkingar.
– Kva som er årsaka til kollisjonen, er det vi prøver å avdekka gjennom etterforskinga som går føre seg, seier Dahl.
Han opplyste samstundes at det ikkje var mistanke om rus.
– Det er ingen mistanke per no, men vi gjennomfører rutinemessige testar av dei involverte, seier han.
Ikkje fare for lekkasje
Det var først uvisse knytt til om det kunne vera lekkasje frå tankbilen. Ifølgje Dahl var det klokka 13.40 ikkje fare for lekkasje.
– Det er alltid usikkert når ein tankbil med farleg gods er involvert. Då må vi vurdera kor stor tryggleikssone vi må setja av. Men per no er det ingen fare for lekkasje, seier Dahl.
Han seier ulukka hadde eit potensial som gjorde at naudetatane måtte ta høgde for fleire scenario.
– Dette er ei hending med eit visst potensial. Då brukar vi heller ein moderat overreaksjon for å ivareta tryggleiken, sa innsatsleiaren.
Vegen kan bli stengd lenge
Vegtrafikksentralen er varsla, og entreprenør er sendt ut for å dirigera trafikken og leggja til rette for omkøyring.
– Det kan bli ein komplisert operasjon å få frakta vekk dei tunge køyretøya. Bilbergar må vurdera kor krevjande dette blir, seier Dahl.
Statens vegvesen opplyste klokka 14.01 at vegen var venta å vera stengd til klokka 20.53. Tidspunktet kan endra seg.
Omkøyring via Våg eller Ekrene
Trafikantar må rekna med omkøyring så lenge Fv. 47 er stengd.
Det er mogleg å køyra via E39 i retning Våg. Ei anna omkøyringsmoglegheit er via Gullvegen og Paddevegen frå Ekrene næringspark.
Entreprenørar dirigerer trafikken i området.