nyhende

To sveibuar frå start – berre éin kunne juble

Publisert Sist oppdatert

Etter 14 innhopp sidan han drog frå 3. divisjonsklubben Djerv 1919 i Haugesund til 1. divisjonsklubben Bryne i fjor, fekk Tobias Kvalvågnes Guddal (19) frå Sveio ein etterlengta debut frå start tysdag kveld.

Tobias Kvalvågnes Guddal spelte sin første kamp frå start for Bryne. borte mot Sogndal tysdag kveld.

Men jærbuane gjekk diverre på sitt tredje strake 2-1 tap, då dei møtte Sogndal på bortebane. Dermed står laget utan poeng og er heilt sist på tabellen etter dei tre første serierundane.

Thomas Kinn sto sin tredje strake kamp i mål for Mjøndalen tysdag kveld. Laget vann heime mot Stjørdals/Blink.

Juble kunne derimot ein annan sveibu gjere då Mjøndalen, med Thomas Kinn i mål, slo Stjørdals-Blink 2-1.

Dei opprykksjagande bruntrøyane har dermed fått ein flott start på 1. divisjon i år, med to sigrar og ein uavgjort.

Resultatar, fotball 1. div. menn, 3. serierunde:

Skeid – Brann 2-3

Sogndal – Bryne 2-1

KFUM Oslo – Raufoss 1-1

Mjøndalen – Stjørdals/Blink 2-1

Ranhem – Grorud 2-1

Sandes Ulf – Kongsvinger 4-1

Åsane – Stabæk 0-4

Fredrik – Start 1-0

Powered by Labrador CMS