nyhende

– No er me inne med to, det er heilt fantastisk. Det er lettande. Me var redde, og det er skummelt å prøva noko nytt, seier Asle G. Halleraker, ordførarkandidat for Tverrpolitisk Fellesliste.
– No er me inne med to, det er heilt fantastisk. Det er lettande. Me var redde, og det er skummelt å prøva noko nytt, seier Asle G. Halleraker, ordførarkandidat for Tverrpolitisk Fellesliste.

To nykommarar gjer eit godt val

INP og TvF ligg per no an til å få to mandat i i kommunestyret, og det er to svært nøgde partileiarar som Vestavind har snakka med medan grovteljinga på gjekk.

Publisert Sist oppdatert
Industri og Næringspartiet sit i Sagvåg med partifeller frå heile Sunnhordland.
– 8,2 prosent så langt og to mandat. Kva synest du?
 
– Heilt utruleg. Forventa ikkje å få inn eit mandat når me starta for fem månadar sidan. Og til no står det to mandat, veldig nøgd med det, seier Cato Sivertsen
 
– Er det noko parti de ser for dykk å samarbeida med?
 
– KrF og Høgre, men me har mogelegheit for å samarbeida med fleire. Det kjem heilt an på kva me vert einige om.

Har ikkje delteke på debattar

 – Korleis er det å ha så god oppslutning utan å ha delteke på debattar?
 
– Vel, me er beviset på at kanskje ikkje debattane veg tungt i lokal stemmerekruttering.
 
– Kvifor var de ikkje på debattane?
 
– Eg var oppteken med jobb offshore og hadde ein del heldags mobiliseringsjobbar med fartøy på Kilingøy. Så me dektok ikkje av praktiske årsaker. Dessutan trur eg ikkje debattar er eit så stort trekkplaster for stemmer når så mange lokale parti held lik politikk på fleire områdar, seier Sivertsen.

– Heilt fantastisk

– Vikse er ferdig talt, og då står det att vår sterkaste og meste folkerike krins. No er me inne med to, det er heilt fantastisk. Det er lettande. Me var redde, og det er skummelt å prøva noko nytt, seier Asle G. Halleraker.

– Ap er lite på Vikse. Føler du skadefryd?

– Ikkje i det heile. Eg føler berre glede over at me så langt har kome inn. Ender me mellom 7 og 9 prosent er det nydeleg.

– Føler du dykk har gjort noko anna enn fokus på bygdene, at dykk har fokusert på sentrum?

– Eg føler me har vore tydelege i at me ser på det som eit hjul, kor Sveio er i midten. Ein treng eit sterkt midtpunkt, men me er avhengig av bygdene og å spela på lag, seier Halleraker.

2. kandidat Ådne Christiansen er per no klar for kommunestyret.

– Overraska?

– Ja; men eg hadde ei kjensle i magen. Eg gler meg til å sjå Sveio krins. Eg trur eg vert den yngste (19) i kommunestyret, seier Christiansen.

Powered by Labrador CMS