nyhende
To nye rektorar på plass i Sveio-skulen
Bjørn Tore Enerstvedt blir Førde skule sin nye rektor, og Camilla Fagerland Tverfjell blir rektor ved Auklandshamn skule.
Enerstvedt har rektorerfaring både frå Lid skule som blei lagt ned i 2014, og frå Vikse. Begge stader var han tre år. Han er i dag leiar for Forum for oppvekst i Sunnhordland (FOS) på fjerde året.
– Eg gler meg veldig til å ta fatt på jobben. Førde skule har fantastisk flotte elevar og dyktige tilsette. Eg har allereie vore innom og helst på alle. Det viktigaste i første omgang er å bli kjend med alle. Å læra seg namnet til alle elevar er førsteprioritet, seier Bjørn Tore Enerstvedt som starta si lærargjerning på nettopp Førde skule som nyutdanna lærar.
– Til rektorstillinga ved Vikse skule var det fire søkjarar. Alle var kvalifiserte, opplyser Elisabeth Nygaard, kommunalsjef skule, barnehage og kultur.
– Ei glede å få fortsetta
Camilla Fagerland Tverfjell har vore konstituert i rektorstillinga i Auklandshamn sidan tidleg hausten 2020.
– Det var veldig kjekt å få tilbod om rektorjobben på Auklandshamn skule. Eg gler meg til å få fortsetta samarbeidet med dei flotte elevane, føresette og tilsette, kommenterer Tverfjell.