nyhende
To nye flyruter frå Helganes
SAS opnar to nye direkteruter frå Haugesund Lufthamn.
Det melder Lufthavndrift AS, selskapet som driftar flyplassen på Karmøy, i ei pressemelding.
København og Trondheim
Den eine ruta er ei ny direkterute frå Haugesund til København. Samtidig opnast det ei ny innanriksrute mellom Haugesund og Trondheim.
— Begge rutene vil bli floge dagleg med unntak av laurdagar. København-forbindelsen vil opne opp både København som ein ny direkte-destinasjon, men også gi tilgang til eit stort antal nye eitt-stopp-destinasjonar som førebels ikkje har vore godt nok tilgjengelege, seier kommersiell leiar Pål Visnes i Lufthavndrift.
Han legg til at Trondheim-forbindelsen vil gi mogelegheit for direktefly på det som er den største ubetente marknaden frå Haugesund.
Pausar Trondheim om sommaren
Trondheim-ruta vil ikkje bli floge i sommarperioden 30. juni til 12. august.
— Desse nye rutene vil heilt klart styrke vårt til og investering på Haugesund Lufthamn. SAS ser fram til å fly både nye og våre kjente passasjerar direkte til utlandet via vårt nettverk i København, seier Nicolas Cougot, som er nettverksjef for Norden i SAS i pressemeldinga.
Lufthavndrift AS har jobbe lenge for å få på plass dei nye rutene.
— Både verda og Noreg kjem litt nærare kvarandre. Regionen vår er i sterk vekst med betydeleg utvikling innanfor industri og havnæringar dei komande tiåra. Gode flyforbindelsar blir frå fleire hald trekt fram som ein avgjerande suksessfaktor for denne utviklinga, seier Tore Lillenes som er administrerande direktør i Lufthavndrift AS i pressemeldinga.