nyhende

PolitiHaukås
UP hadde trafikkontroll i Haukås-krysset onsdag.

To meldt etter kontroll

Utrykkingspolitiet heldt kontroll i Haukås-krysset onsdag føremiddag. Då vart fleire stoppa grunna både fart og køyring. — Me merkar at folk er meir ivrig på gassen når det er fint vêr, seier politibetjent Idar Helland.

Publisert Sist oppdatert

— Me kom hit rundt klokka 10.00 og reiser no klokka 14.00, seier politibetjent Idar Helland frå Utrykkingspolitiet.

Saman med tre kollegaer har han vore på Haukås i nokre timar for å halda trafikkontroll. Det gav resultat.

— Me stoppa tolv grunna fart og fem grunna køyring, seier Helland.

Med køyring meiner han stoppskiltet mellom Fylkesveg 47 og E39. Der er det mange som ikkje stoppar skikkeleg.

Godtok ikkje førelegg

Helland og sin patrulje har teke til å filma hendingane på eiget initiativ. Sjåførane får mogelegheit til å sjå sjølv kvifor dei vart stoppa. Men det hjelper ikkje alltid.

— To av dei stoppa for adferd vart meldt, seier han.

Det må UP gjera når sjåføren ikkje godtek eit forenkla førelegg, sjølv om dei har sett videoen.

— Me må understreka at det ikkje er eit krav å få sjå film av seg sjølv, enten om ein køyrer for fort eller ikkje stoppar ved eit stoppskilt, understrekar Helland.

9.700 og tre prikkar

Han har ikkje tal på kor mykje pengar som vart gjeve i bøter onsdag, fordi det var i ein del forskjellige hastigheiter.

— Men om ein tar stoppskiltet som døme, så kostar det deg 9.700 kroner og tre prikkar. Det er mykje pengar, seier Helland.

Han kjem med ei oppmoding til alle sjåførar i sommar om å halda fartsgrensene.

— Me skal vera mest mogeleg på såkalla grønt vegnettverk i sommar, altså 80-sonane, seier Helland.

Powered by Labrador CMS