nyhende
Nytt utdanningstilbod i Sveio:
To ledige plassar til arbeidsledige menn
Gjennom Menn i helse får arbeidsledige menn moglegheit til å ta del i eit komprimert utdanningsløp som fører til fagbrev i helsearbeidarfaget. Det er plass til to Sveio-menn i helserekruttkullet 2021.
Prosjektet er i samarbeid mellom kommunane, NAV, fylkeskommunen, KS og helsedirektoratet. Dei som blir rekrutterte er arbeidsledige menn i alderen 25-55 år, og utdanningsløpet inkluderer både teoretisk og praktisk opplæring.
– Me skal starta opp ny klasse no i februar, og Sveio har garantert for to praksisplassar. Dette er eit vinn-vinn prosjekt. Me får arbeidsledige menn inn i arbeidsmarknaden, og kommunen får verdiskaping, også økonomisk, seier Øystein Johannessen, fylkeskoordinator i Menn i helse for Haugalandet og Sunnhordaland.
Vekselløp
Utdanninga varer i rundt 2,5 år, med eit vekselløp mellom skule og praksis. Første informasjonsmøte for nye kandidatar blir i neste veke, deretter følgjer ein intervjurunde i veke 10, der einingsleiarane på Sveio omsorgssenter skal velja ut dei to dei meiner er best eigna.
I distriktet vårt er kommunane Haugesund, Karmøy, Sveio, Etne og Stord med på prosjektet. Det er ikkje avklart kor den teoretiske undervisninga skal vera. Det er fylkeskommunen som har ansvaret for opplæringa, slik at det vil bli ein stad mellom deltakarkommunane.
Fleire påmelde
Mellom fem og ti kandidatar frå Sveio har meldt seg på til no. Dersom fleire er interesserte, går dei gjennom kontaktpersonen sin i NAV Sveio, opplyser Johannessen.
Regjeringa ser på Menn i helse som ein av dei mest vellukka satsingane på rekruttering av menn til helsesektoren. Til no har 400 tatt fagbrev gjennom ordninga, og 92 prosent av dei har i dag jobb i helsesektoren dei kan leva av.
Utdanningsløpet kort forklart
Dei som blir valt ut, skal inn i ein 12 vekers «rekruttperiode» der det vil vera ei kontinuerleg evaluering av kandidatane, både frå Sveio omsorgssenter, og Menn i helse, og mannen sjølv. Deretter ventar sommarjobb frå kommunen. Skulestart blir i august 2021, der dei går tre veker på skule, og har to veker i praksis. Dei tar Vg1 helse og oppvekstfag fram til jul, og etter jul tar dei Vg2 helsefagarbeidar. Til sommaren går dei ut i sommarjobb igjen, og frå hausten 2022 blir dei ordinære lærlingar i 12-15 månader.