nyhende
To hjortar påkøyrde
Med få minuttars mellomrom fekk politiet melding om to påkøyrde hjortar i Sveio måndag kveld.
Den første meldinga kom frå Førde klokka 22.11. Meldaren fortalte at han hadde funne ein påkøyrt og død hjort i Hanabrekka. Fire minuttar seinare melde ein bilførar at han hadde kollidert med ein hjort på E39 nærare Valevåg. Viltnemnda og sporhundsentralen har fått melding om denne hendinga.
Generelt opplever politiet ein auke i meldingar om påkøyrd vilt no når når haustmørket senkar seg meir og meir. I politiloggen melder Sør-Vest politidistrikt om til saman seks slike påkøyrsler nord i politidistriktet mellom klokka 18.11 og 22.17 måndag kveld. To av desse var altså i Sveio.