nyhende
To gull og ein bronse i EM
Sveio Drill har vunne gull og bronse i Bulgaria. Der forsvara dei mellom anna gullet i ein kategori dei vart europameistrar i i fjor. Natt til tysdag byrjar heimreisa. – I dag skal me få gå på sightseeing og shoppa litt, seier Marilena Kvalvåg Panayiotou, hovudinstruktør i Sveio Drill.
– Det har gått veldig fint. Me har hatt eit program på golvet kvar dag. Det har vore hektisk heile helga, seier Panayiotou.
Saman med ein god gjeng frå Sveio har ho dei siste dagane vore i Bulgaria på europameisterskap.
– Me er i Plovdiv, om lag to timar utanfor hovudstaden Sofia, seier Panayiotou.
– Kva synest de om Bulgaria?
– Veldig flott plass. Det er godt over 30 grader, så me stortrivest, seier ho.
Forsvarte tittelen
Søndag fekk dei to gull og ein bronse, noko dei er svært nøgde med. Kategoriane «Exhibition junior» og «Showtwirl» vart det gull i, medan der vart bronse«Flag Baton». Særleg kjekt var det å vinna «Exhibition junior».
– Den vart me europameistrar i fjor også, så det var deileg å behalda den tittelen, seier Panayiotou.
– Kva er forskjellen på «Exhibition junior» og «Showtwirl»?
– Førstnemnde er berre med drillstavar. I «Showtwirl» har me med oss anna utstyr og gjerne eit tema. Me hadde «havet», svarar ho.
– Kva hadde de med for å representera det?
– Store tøystykke som me brukte og blå drillstavar. Den kategorien har me halde på med i mange, mange år og aldri nådd opp. Eg trur det kan vera 13 år me har prøvd, så superkjekt å endeleg få det til. Det var åtte land med i tevlinga, så det var den største kategorien på EM, seier Panayiotou.
Venting, shopping og sightseeing
Måndag er meisterskapet over, og utøvarane får tid til å sjå rundt seg i Bulgaria.
– I dag skal me gå på sightseeing og shoppa litt, seier hovudinstruktøren.
Dei har mykje tid å slå i hel. Heimreisa byrjar ikkje før det teknisk sett har vorte tysdag, klokka 02.00 om morgonen.
– Me vert henta av ein buss klokka 02.00 i natt. Me skal sjekka ut av hotellromma no, og så vera rundt om i byen og på kjøpesentre. Der etter blir det å venta i resepsjonen til hotellet, seier Panayiotou.
– Korleis vert ruta heim?
– Me skal mellomlanda i München og Frankfurt, før me landar på Sola. Det vert ei lang heimreise, seier ho.
Lenge til neste meisterskap
Utanom måndagens shopping og medaljar, har dei også med seg gode minne i bagasjen.
– Det var eit fantastisk arrangement. Opninga var i eit amfiteater. Og Plovdiv er den eldste byen i Europa, seier ho.
Under meisterskapet såg dei også nokre kjende andlet som dei møtte under verdsmeisterskapet tidlegare i år i Liverpool. No vert det ein stund til neste gong dei pakkar drillstavar i kofferten.
– Om ei veke er det Haugalandsdrilliaden. Det kjem tett på, men er kjekt. Så vert det lenge til neste internasjonale meisterskap, og det er me glade for, seier Panayiotou.