nyhende

Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset
TRAFIKKONTROLL: Utrykkingspolitiet stoppa to bilførarar utan gyldig førarkort og fekk melding om fleire viltpåkøyrsler på E39 i Førde.

To førarar tekne utan førarkort

UP stoppa to ulovlege bilførarar i Sveio tysdag, medan to viltpåkjørsler langs E39 blei melde inn til Vegtrafikksentralen.

Publisert

Klokka 19.40 stoppa UP ein mann i 20-åra i Valevåg. Under kontrollen viste det seg at han ikkje hadde gyldig førarkort. Mannen blei meldt og avhøyrd på staden.

Nokre timar seinare, klokka 22.40, stansa UP igjen ein bil, denne gongen langs Tittelsnesvegen etter ein fartskontroll der bilen blei målt til 102 kilometer i timen i 80-sona. 

Føraren var ein mann i 30-åra som heller ikkje hadde gyldig førarkort. Han blei òg avhøyrd på staden og meldt for forholdet.

Ifølgje vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Ingvild Vea, er det ikkje opplyst nærare kvar langs vegen mannen i 30-åra blei stansa.

Viltpåkøyrsler langs E39

Tidlegare på dagen, klokka 09.38, kom det inn ei melding om eit daudt rådyr langs E39 i Førde. Vegtrafikksentralen blei varsla og tok hand om dyret.

Klokka 11.14 kom det inn endå ei melding om eit påkøyrt dyr langs E39 i Førde. Det skal ha vore snakk om ein hjortekalv, og òg her blei Vegtrafikksentralen varsla, melder Vea.

Powered by Labrador CMS