nyhende
To fekk førarkortet beslaglagt
Den første etter ei trafikkulukke, den andre etter å ha køyrt altfor fort. Begge deler skjedde i løpet av nokre timar fredag kveld.
Klokka 17.51 fredag kom det melding om at to bilar hadde kollidert i krysset Tjernagelvegen/Nygårdsvegen.
Mannskap frå Sveio brannstasjon var raskt på plass, og på X/Twitter melde politiet at dei var på staden klokka 18.17.
Sendt til sjukehus
Like etter melde politiet at ein person klaga over smerter i nakke og fot og blei sjekka av helsepersonell på staden. Litt seinare oppdaterte politiet med at det var to personar involvert, og at begge vart sende til sjukehus for sjekk.
Ingen av bilane var køyrbare etter kollisjonen, og den eine føraren fekk førarkortet beslaglagt.
26 km/t for fort
Klokka 22.00 fredag kveld var det trafikkontroll i Førde. Der vart ein førar målt 86 km/t i 60-sona. Dermed blei førarkortet inndratt. Det var elles fin køyring i løpet av dei rundt to timane kontrollen varte.
Dette blir du straffa med om du køyrer for fort i 60-sone:
- Til og med 5 km/t: kr. 1 100
- Til og med 10 km/t: kr. 3.000
- Til og med 15 km/t: kr. 5.400 (+ 2 prikkar)
- Til og med 20 km/t: kr. 7.800 (+ 3 prikkar)
- Til og med 25 km/t: kr. 12.100 (+ 3 prikkar)
- Over 25 km/t: inndraging av førarkort