nyhende
To bilar kolliderte på fylkesveg 47
Ingen skal ha kome alvorleg til skade, men det er store materielle skadar etter ei trafikkulykke på fylkesveg 47 i Sveio.
SISTE: Cirka klokka 16 vart vegen opna for fri ferdsel etter ulykka.
To bilar med til saman tre personar har vore involvert i ei trafikkulykke på fylkesveg 47 måndag ettermiddag.
— Det er ikkje meldt om alvorleg personskade, seier oppdragsleiar Jostein Reiestad ved Sør-Vest politidistrikt.
200 meter mellom bilane
Ved 14-tida hadde ikkje operasjonssentralen oversikt over kva som har forårsaka ulykka.
Det er på det reine at dei to bilane står med ein avstand om lag 200 meter frå kvarandre. Den eine på vegen rett nord for krysset Kvednaneset/Fylkesveg 47.
Den andre i grøfte på austsida av Fylkesveg 47 lenger sør.
— Med undersøker no omstenda kring ulykka, opplyser Reiestad til Vestavind.
Sende ekstra mannskap
Brannmannskap frå Sveio brannstasjon er på staden, saman med politi og ambulanse.
— Me sender no ein patrulje ekstra til staden for å bistå den første patruljen som vart sendt til staden, seier oppdragsleiar Reiestad til Vestavind like etter klokka 14.
Reiestad legg til at ein må pårekne kø i begge retningar ei god stund framover.