nyhende
To av tre i distrikta vil ha avgiftskutt på drivstoff
To av tre i distrikta etterlyser avgiftskutt på drivstoff, viser ei landsrepresentativ undersøking gjennomført av Norstat for NAF.
NPK: Undersøkinga viser at det på landsbasis er 44 prosent som vil ha kutt i drivstoffavgiftene, medan 66 prosent oppgir at framleis straumstøtte er viktig for den økonomiske tryggleiken sin. I Distrikts-Noreg er tala snudde. Her svarer 66 prosent avgiftskutt på drivstoff og 49 prosent straumstøtte, skriv NAF i ei pressemelding
– I mange distriktskommunar, spesielt i Nord- og Midt-Noreg der straumprisen har vore lågare, gjer dei skyhøge drivstoffprisane eit større innhogg i økonomien enn det straumen har gjort til no. Men det er ingen teikn til at energikrisa syng på siste verset, og det er viktig at regjeringa skaper tryggleik for folk både i by og bygd, seier Ingunn Handagard, pressesjef i NAF.
Frå mars i år har literprisen på bensin og diesel lege over 20 kroner i snitt. NAF meiner kutt i avgiftene og direktestøtte til bilistane, er nødvendige tiltak frå regjeringa.
– Straumstøtta går ut til alle, medan kutt i drivstoffavgiftene vil gi ei handsrekking til bilistane som har levd med høge prisar lenge. Folk i distrikta er avhengige av bilen i kvardagen, og færre har gått over til elbil i Distrikts-Noreg, seier Handagard.
(©NPK)