nyhende

Helene Frihammer, regiondirektør i NHO Vestlandet. Foto: NHO
Helene Frihammer, regiondirektør i NHO Vestlandet.

To av tre bedrifter i Vestland får svakare resultat

Publisert Sist oppdatert
NPK: To av tre bedrifter i Vestland oppgir at prisauken mellom anna på straum vil føre til ein stor eller middels reduksjon i driftsresultatet.

Det går fram av NHOs medlemsundersøking i april.

90 prosent av bedriftene har måtta slite med auka innkjøpspriser dei siste månadene. I tillegg fortel 22 prosent at aktiviteten i bedriften blir påvirka negativt fordi dei ikkje får tak i nok av innsatsfaktorane dei treng i drifta.

Det er bedrifter i bygg og anleggsbransjen som slit mest med auka utgifter. Men også heile transportnæringa og industrien slit med auka kostnader og opplever flaskehalsproblem i etterkant av invasjonen av Ukraina, ifølgje undersøkinga.

Regiondirektør Helene Frihammer er bekymra for at lågare driftsresultat og større uvisse skal påvirke både investeringslysten og -evna til bedriftene.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS