Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Årets profet 2025:
To 50-åringar hadde flest rette svar
Det blei tett på toppen då Årets profet 2025 skulle kårast. Så tett at det var umogeleg å skilja dei to beste profetane. Vestavind vel difor å dobla vinnarpremien, eit digitalt heilsårsabonnement, slik at dei får same premie.
Begge vinnarane, Lars Oddvin Hovda og Rolf Inge Reiersen har nettopp fylt 50 år, er altså 10 år eldre enn Vestavind, og gamle klassekamerater frå Sveio skule. Dei blei begge like overraska då Vestavind ringde og fortalde at dei hadde vore best til å spå året 2025 i Sveio.
– Frå ein veldig god årgang
– Heider og ære er det viktigaste, seier Rolf Inge, som ser fram til å henga det synlege beviset i form av ein diplom på veggen. Han jobbar offshore, bur på Søre Våga og likar å driva med oppussing og snekring på fritida.
– Diplom blir kjempebra å få som bevis. Me må vera frå ein veldig god årgang, seier Lars Oddvin, som bur på Hovda, er sivilingeniør hos Knutsen OAS i Haugesund, og brukar fritida på ulike aktivitetar i bygda samt har eit tomteselskap, Kvitaneset, i lag med broren.
Begge er abonnentar frå før, og vel difor å gi premien vidare til nokon andre som ikkje er det.
Vanskeleg vêr
Spørsmåla hugsar dei ikkje, så me tok ein runde med spørsmål og rette svar. Det fekk fram litt latter under vegs.
– Korleis kom de fram til svara?
– Det var ikkje noko avansert, eigentleg mest gjetting, innrømmer Rolf Inge, som var ein av få som tippa rett på kor mange gonger Buavåg-ferja blei innstilt. Han var også ein av få som traff på sommarvêret.
– Vêret bomma eg jo totalt på, men 44 nye sveibuar kom eg fram til ut frå korleis fødselstala har vore dei siste åra, fortel Lars Oddvin.
At vêret ikkje er lett å spå, viste at ein heil del av dei 99 som sende inn svar bomma både på sommar og jul. Når det gjeld det siste, var det kanskje draumen om kvit jul som gjorde at mange svara snøhvit på dette spørsmålet.
98 av 99 svara feil
Spørsmåla som hadde flest rette svar var korleis det kom til å gå med Sveio sitt A-lag i 5. divisjon, og om det blei henta ein eller fleire sveibuar til regjeringsapparatet etter valet.
Dei mest utfordrande spørsmål var kanskje der det ikkje var fleire val, men ein måtte tenka ut svaret sjølv.
Eit av spørsmål med fleste feile svar – heile 98 av 99 – var kor mange medaljar Sveio Drill kom til å ta i nasjonale og internasjonale meisterskap. Rett svar er 29 NM-medaljar og 11 internasjonalt, totalt 40 medaljar. Her var Morten Reiersen den einaste som hadde rett svar.
Fire andre premiar
Blant alle som sende inn svar på Årets profet 2025, er det trekt ut fire vinnarar uansett kor mange rette svar ein hadde. Desse er:
- Ruth Linda Årre, Auklandshamn, privat spa for ein persom på Albatross Spa.
- Jannicke Andersen, Gullvegen, gåvekort på Haugli Bakeri.
- Grethe Våge, Haugesund, ein bukett frå Sveio Blomster.
- Vibeke Enerstvedt, Førde, ein bukett frå Sveio Blomster.
Vinnarane blir kontakt om korleis dei kan henta premiane.
Her er dei rette svara: