nyhende
Tjukktarmskreft: Er ultraprosessert kjøt syndaren ..?
Noreg toppar statistikken for tarmkreft i Europa, og samanhengen mellom raudt, prosessert kjøt og kreft er for lengst slått fast. Men er det sjølve kjøtet, prosesseringa, tilsetjingsstoffa – eller noko heilt anna som er forklaringa? Det skal forskarar no freiste å finne svar på.
– Samanhengen mellom kreft og inntak av raudt, prosessert kjøt er overbevisande i store befolkningsstudiar, men ingen har slått fast at det er prosessert kjøt som er årsaka til tjukktarmskreft. Så kva kan det vere med kjøtet, som gjer at me ser desse samanhengane? spør Mette Müller, som er førsteamanuensis ved seksjon for eksperimentell biomedisin på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og leier eit forskingsprosjekt som no djupdykkar i nettopp dette.
Alt i 2015 klassifiserte International Agency for Research on Cancer prosessert kjøt som kreftframkallande for menneske. Kreftforeininga her i landet har lenge vist til World Cancer Research Fund International og mellom anna slått fast at inntak av raudt kjøt aukar risikoen for tjukk- og endetarmskreft – og at det å ete prosessert kjøt gjer det same.
3.388 tilfelle i 2023
Forskinga på feltet er viktig, ikkje minst for oss nordmenn. Berre i 2023 fekk 3.388 nordmenn påvist kreft i tjukktarmen (CRC). Ifølgje ei større europeisk kartlegging er førekomsten av tarmkreft oppsiktsvekkjande høg i Noreg samanlikna med EU-gjennomsnittet – og særleg høg blant norske kvinner.
Raudt kjøt er altså ein av mange risikofaktorar forskarane peikar på. Så langt er det likevel ingen som har greidd å påvise kva samanhengen mellom det raude kjøtet og tarmkreft består av, forklarar Müller:
– Teorien om at det er ein samanheng mellom tjukktarmskreft og reint kjøt er blitt svekt dei siste åra. Samstundes er det ikkje berekraftig å kaste 70 prosent av dyret fordi vi berre skal ete reint og ikkje prosessert kjøt. Men om det skulle vere noko med prosesseringa, kan industrien til dømes droppe ulike tilsetningsstoff eller redusere feittinnhaldet i dei ultraprosesserte produkta.
Involvert industri
I det fireårige prosjektet CRC-3p skal Müller og forskarteamet ikkje berre studere samanhengen mellom kosthald og tjukktarmskreft – dei vil også undersøkje det kreftframkallande potensialet til protein frå både planter og dyr. I tillegg skal dei sjå på betydninga av ulike prosesseringsgrader av kjøtet (ubehandla, behandla, ultrabehandla) og kva for rolle det generelle kosthaldet vårt spelar.
Eitt av verktøya i prosjektet er ein modell med forsøksmus. Veterinærhøgskulen har mus med ein genetisk mutasjon som er den same mutasjonen som pasientar med tjukktarmskreft har. Dei vil bli følgt nøye opp etter kvart som dei blir sett på ulike diettar, fortel Müller. Prosjektet er også eit tverrfagleg samarbeid med partnarar frå Veterinærinstituttet, Nofima og UiO, der klinisk ernæringsforskarar skal analysere data frå norske kosthaldsundersøkingar med og utan tarmkreft. Norsk kjøtindustri er også med.
Müller avviser likevel kontant spørsmålet om ikkje industrien først og fremst er interessert i å friskmelde kjøtet.
– Kjøtproduksjon er ein viktig del av landbruket og økonomien vår, og ikkje minst av kosthaldet vårt. Det er ingen som ønskjer å produsere helseskadeleg mat. Me samarbeider difor godt med industrien, som er like interessert som oss i å forstå moglege samanhengar. Dersom det skulle vise seg å vera ein årsakssamanheng kan dei gjere endringar, om det til dømes handlar om måten kjøtet blir prosessert på eller tilsetningsstoffa som blir brukt.
Mange spørsmål
Det er i det heile mange om og viss. Det kan hende at nokre av stoffa som blir danna i prosessert kjøt påverkar tarmfloraen og triggar inflammasjon i tarmen. I så fall kan det vera ein såkalla drivar for kreftutvikling. Men det kan altså også vera noko med prosesseringa og korleis tilsetningsstoff påverkar tarmen vår, seier Mette Müller, og ramsar opp nokre av spørsmåla ho og forskingskollegaene no stiller seg:
Betyr sjølve prosesseringsgraden av kjøtet noko for kreftutviklinga i ein tarm? Spelar det nokon rolle om proteinet er animalsk eller vegetabilsk? Kva skjer om ein et ultraprosessert kjøt i eit elles sunt kosthald med mykje frukt, grønt og fiber – som me veit vernar tarmen mot inflammasjon? Er det kanskje det høge feittinnhaldet i mange av dei ultraprosesserte matvarene som er årsaka, og ikkje kjøtet i seg sjølv?
Når det gjeld tilsetjingsstoff, ser forskarane mellom anna på nitritt, som blir mykje nytta i prosessert kjøt for å forlenge haldbarheit og hindre matboren sjukdom. Nitritt er ikkje kreftframkallande i seg sjølv, men kan bli omdanna til nitrosaminar under fordøyinga. Nitrosaminar er ei gruppe såkalla organiske bindingar, som kan forårsake kreft i små mengder.
Forskarane undrar seg likevel over kvifor dei då ikkje ser ein samanheng mellom kreft og somme bladgrønsaker. Bladgrønsaker kan nemleg innehalde mykje nitrat som blir til nitritt – og potensielt nitrosaminar.
– Dropp steikesjyen
Ja, og kva om det heller ikkje er prosesseringa som er årsaka, men i staden det som skjer på vårt eige kjøken i form av steiking, koking og grilling? Akkurat sistnemnde har forskarane lenge kjent til er ei viktig kjelde til kreftframkallande stoff.
– Når vi steikjer og grillar mat på høg temperatur, blir det danna fleire ulike kreftframkallande stoff. Det gjeld både kjøt, potet og brød. I steikjesjy frå raudt kjøt blir det danna fleire kreftframkallande stoff, og jo lenger du steikjer kjøtet, jo meir blir det av dei. Når me testar desse stoffa på mus i ganske høge dosar, får dei kreft. Me antek at dette også kan skje hjå menneske, sjølv om det er stor skilnad mellom menneske og mus, seier Müller, som difor sjølv droppar steikjesjyen på potetene.
– Eg et alt, men prøver å avgrense
Andre absoluttar i kosthaldet har forskaren førebels ikkje innført, sjølv om ho har lest mykje om mat og kreft:
– Eg et alt, både pølser og bacon, men eg prøver å avgrense det og følgje kosthaldsråda. Difor har eg med åra blitt flinkare til å fylle på med meir fiber og grønt, og ungane må faktisk ete eit salatblad saman med det meste vi et. Eg stoler på helsestyresmaktene og støtter meg til World Cancer Research Fund og forskinga dei baserer råda sine på. Og det beste rådet eg framleis kan gi, er å ete variert.
– Samstundes et eg også minst mogleg ultraprosessert mat, men det gjeld ikkje berre kjøt. Mange av dei plantebaserte kjøtalternativa går gjennom like mykje eller meir bearbeiding enn tradisjonelle kjøtprodukt, og me veit lite om dei langsiktige helseeffektane. Me veit til dømes at soya inneheldt østrogenliknande produkt, som kanskje kan ha andre effektar enn dei me kjenner i dag, seier Müller.
Ultraprosessert plantemat
Saman med resten av teamet har ho nett runda det første av dei fire planlagte åra av prosjektet. Det er for tidleg til å konkludere med noko som helst.
– Eg er veldig spent på effekten av å kombinere fleire faktorar som inngår i eit usunt kosthald, slik som mykje feitt og sukker, saman med både animalske og plantebaserte matvarer som er prosessert. Kanskje det ligg noko her som kan gi oss svar, seier Müller.
– Men å forklare kvifor norske kvinner ligg på verdstoppen i tjukktarmskreft, vil nok framleis vere eit mysterium også når dette prosjektet er ferdig.