nyhende

Arne og Torhild Stene Mo hadde sett av heile dagen til å jakta postane i påskerebusen. Dei set stor pris på arbeidet turlaget har lagt ned i området.

Påskerebus på nye stiar

– Det er utruleg mange vakre plassar i Sveio, men det er ikkje alle som veit om dei, seier Jan Roar Oa. No har han og Oa turlag gjort noko med det.

Publisert

Dei to siste åra har det blitt lagt ned ein iherdig innsats for å rydda og merka lokale turstiar på Oa. Resultatet er fleire kilometer med godt merkte løyper som no er tilgjengelege for både fastbuande og tilreisande.

Arbeidet starta med eit ønske om å henta fram att gamle stadnamn og synleggjere dei i landskapet. Ideen kom frå Kristin Ove Skare, som no er på veg tilbake til heimbygda saman med mannen Haldor Skare.

Eldsjeler frå Oa turlag og Oa ungdomslag har jobba iherdig med å rydda og merka turløyper i Oa-området. I påsken inviterte dei til påskerebus med fleire postar i området. Frå venstre: Atle Thorbjørnsen, Reidun Framnes, Gro Lid, Åshild Lid, Eva Thorbjørnsen, Jan Roar Oa, Ronny Gustavsen og Kristin Ove Skar

– Me syntest det var ein veldig god idé å få sett opp skilt med stadnamn, men det er ein stor jobb. Det hadde me aldri fått til utan Jan Roar, fortel Åshild Lid i turlaget.

Både gamle og nye stiar

Sjølv peikar Jan Roar på at prosjektet er eit lagarbeid, der fleire har bidrege. Likevel er det han som har lagt ned mange timar med sag og greinsaks i skogen, i tillegg til å snekre benkar og skilt som er frakta ut i terrenget.

Nokre av stiane er gamle, medan andre er nye eller oppgraderte. Arbeidet har gått føre seg stegvis.

Alle stiane i løypa er godt merkte med raud maling. Jan Roar Oa ved eit av merkene.

– Først grovmerkar eg med spray på tre og merkar steinar. Deretter set eg opp refleks på brøytestikker. Det er fleire rundar før stiane er ferdige, fortel han.

Han legg til at han føretrekk rundturar, slik at turane blir meir varierte og opplevingsrike.

Gamle namn og lokale segner 

For å finna att dei gamle stadnamna har turlaget arrangert historiekveldar, der lokale kjenningar har bidrege med kunnskap og forteljingar.

Eit av punkta langs løypa Oarunden er Kjerringsteinen. Steinen ligg ute i sjøen og er knytt til eit gamalt segn om ein krangel mellom ei kvinne frå Skjold og ei frå Tveit. Dei kasta steinar på kvarandre, og ein av desse skal ha blitt liggjande nett her. Når det er fjøre, kan ein gå ut til steinen og klatre oppå han. Ein liknande stein kan ein finne i fjøra på Vikebygd.

Rasteplassar og utsiktspunkt 

Langs løypene er det sett opp fem store benker og ni enklare benker. Dei enkle har Jan Roar sjølv laga og frakta ut frå verkstaden sin. Turen opp til Vardafjell var den mest krevjande, men med god hjelp frå naboar gjekk det også.

Det er også sett opp ti postkassar med turbøker, derav ni med påskerebus, der turgåarar kan skriva seg inn.

– Det er også ein måte å kartlegga aktiviteten på. I fjor påske var det totalt 320 personar som skreiv seg i bøkene, fortel Eva Thorbjørnsen.

Lokkar folk ut på tur 

I påsken har turlaget arrangert påskerebus for å få fleire ut i dei nye løypene. Samstundes gir det høve til å dela gleda over arbeidet som er lagt ned.

Ved Oaneset møter me Torhild Stene Mo og Arne Mo frå Haugesund, som har hytte på på Tveit på Erve. Dei er tydelege i si vurdering av innsatsen til turlaget.

Arne og Inger Marie Wathne på påsketur. – Me har gått til Oaneset. I går og i forgårs gjekk me heile runden. Dei nye turløypene gjer at me kjem til plassar me aldri har vore før, seier Inger Marie, som er oppvaksen på Oa. No er barndomsheimen blitt hytte.

– Dette er grøn resept, seier Torhild. 

– Det er heilt fantastisk, rett og slett magisk det dei har fått til her. Det er ein utruleg innsats, legg Arne til.

Paret har sett av heile dagen til tur og har pakka sekken med både mat og drikke. Kanskje rekk dei fleire av løypene.

170 skilt – og fleire kjem 

Til no er det sett opp rundt 170 skilt langs stiane. Skilta er grøne, merkte med «Oa turlag», og viser både stadnamn, vegval og avstandar.

Dei er godt synlege frå vegen, og målet er å vekka turlyst hos forbipasserande. Sjølv om mykje arbeid er gjort, er prosjektet langt frå ferdig.

– Mellom Vårefjell og Smidjefjell ligg ein ny topp som snart skal få skilt: Trollhaugen, fortel Jan Roar.

Han har framleis fleire stiar han ønsker å rydda og merka, og fleire skilt han vil få på plass.

Det er plassert ut totalt ni postkassar som alle inneheld ein bokstav. Til saman blir det eit ord. Her viser Eva Thorbjørnsen fram første posten.

No håpar turlaget at både fastbuande og tilreisande vil ta stiane i bruk. Bilete og informasjon ligg ute på Facebook-sida til Oa turlag, og påskerebusen varer fram til og med 6. april. Her er det fleire måtar å delta på, anten ved å skrive seg i turbøkene eller ved å løysa rebusen.

Powered by Labrador CMS